Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. MarknadskommunikasjonChevronRight
  5. Alkoholreklame på fjernsynChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Alkoholreklame på fjernsyn

Noreg har hatt forbod mot alkoholreklame sidan 1975. Då EØS-avtalen med EU om fri flyt av varer og tenester vart inngått på 90-talet, fekk vi lov til å reservere oss mot alkoholreklame i media. Men forbodet gjeld ikkje TV-kanalar som sender frå utlandet.

Alkoholreklame på fjernsyn. Innslag i Dagsrevyen, NRK.

Då EU innførte eit nytt TV-direktiv, kravde dei at Noreg skulle tillate reklame for øl, vin og brennevin på lik linje med andre EU-land. I 2011 gjekk derfor debatten høgt om Noreg skulle rette seg etter EU sitt TV-direktiv, slik innslaget frå Dagsrevyen dette året viser.

Mediepolitisk nøtt

Kristeleg folkeparti er det partiet som tradisjonelt har kjempa hardast for forbodet mot alkoholreklame. Men hausten 2015 inngjekk dei borgarlege partia eit forlik med Solberg-regjeringa som førte med seg visse oppmjukingar av regelverket. I Helsedirektoratet si tolking av forskriftene heiter det no:

En viktig forutsetning for at de aktuelle bransjeaktørene skal kunne informere om sine produkter, er at informasjonen kun gis i kommunikasjonskanaler som oppsøkes av forbruker, som for eksempel en leverandørs hjemmeside.

En annen forutsetning er at opplysningene må være nøkterne, faktabaserte og ikke gå lenger enn det som er nødvendig for at forbrukerne skal få informasjon om produktenes egenskaper.

Noreg kan framleis nekte TV-selskap som sender frå Noreg å reklamere for alkohol. Men uansett vil det vere mogleg å reklamere for alkohol for TV-selskap som sender frå utlandet, slik for eksempel TV3 gjer. Den britiske regjeringa ønskjer ikkje å hindre britiske TV-selskap i å reklamere for denne typen varer. For politikarane er det vanskeleg å gjere forskjell på TV-selskap som konkurrer om dei same reklamekronene.

Tenkjepause

  • Kva meiner du? Er det skadeleg med reklame for alkohol på fjernsyn?
  • Er det rett å tillate alkoholreklame i TV3, men å nekte konkurrenten TV 2 å gjere det same?
  • Reklameplakaten nedanfor er frå 30-talet. Trur du denne plakatene hadde vorte godkjend ut frå det regelverket som gjeld no?
Ølglass og norsk flagg og teksten Drikk øl for dte er norsk. Faksimile.
Norsk reklameplakat for øl.

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter