Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. MarknadskommunikasjonChevronRight
  5. ProduktplasseringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Produktplassering

Produktplassering er betalt plassering av eit produkt i TV og film, der produktet inngår som ein integrert del av handlinga. Produktplassering er ei form for skjult reklame.

Produktplassering i film. Innslag i Dagsrevyen, NRK.

Kva er produktplassering?

Har du lagt merke til kva type møblar, mobiltelefonar og klesmerke som rollefigurane i TV-seriar og spelefilmar brukar? Kvifor har dei mest populære talkshow-vertane alltid den siste datamaskina frå Apple på skrivebordet?

Vi bruker omgrepet produktplassering når bedrifter kjøper seg plass i filmar, på TV eller liknande medium slik at produkt, varemerke eller logoar blir ein integrert del av handlinga.

Meiningar om produktplassering

Produktplassering er ei form for skjult reklameverksemd. Når du kosar deg med ein TV-serie, er du sjeldan klar over at du samstundes eksponerer deg for reklame.

Skal det vere lovleg å drive denne forma for reklameverksemd i Noreg? Det er eit tema som kulturministeren må ta stilling til i næraste framtid.

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter