Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. MarknadskommunikasjonChevronRight
  5. Å fange merksemda til forbrukaraneChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Å fange merksemda til forbrukarane

Lettkledd dame på utandørsreklame. Fotografi.
Anna Nicole Smith på reklameplakatar for H&M

Oppgåve 1

Studer reklameplakaten til H&M.

  1. Kva element er brukte for å vekkje merksemd?
  2. Kva er det som gjer at dei som ser denne reklamen, blir interessert i produktet?
  3. Kva behov eller ønskjer skaper denne reklamen hos dei som ser han?
  4. Kva ønskjer annonsøren at dei som ser denne reklamen, skal gjere?
Apple-butikk i New York. Fotografi.
Apple-butikk i New York

Oppgåve 2

Diskuter i klassen:

  • Korleis kjem AIDAS-prinsippet til syne i måten Apple marknadsfører nye produkt på?
  • Gjer nettsøk for å finne eksempel.

Oppgåve 3

Gå saman i grupper på tre. Tenk dykk at de driv ei ungdomsbedrift saman med nokon andre i klassen.

  1. Kva varer eller tenester kunne bedrifta dykkar tilby?
  2. Kva kanalar ville de bruke for å reklamere for det bedrifta tilbyr?
  3. Korleis ville de gå fram for å fange merksemda til mottakarane?

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter