Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. MarknadskommunikasjonChevronRight
  5. Marknadsfør ein festivalChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Marknadsfør ein festival

Roskildefestivalen. Fotografi.

Arbeidsoppdrag

Nokre ivrige elevar på skulen din har bestemt seg for å arrangere ein musikkfestival på heimstaden din i sommar. Dei har booka ein tidlegare elev som no er blitt ein verdskjend artist. Fleire lokale band skal også opptre på festivalen.

Ei gruppe medieelevar i klassen din har fått i oppdrag å lage ein informasjonsplan for festivalen. Han skal godkjennast av festivalstyret før informasjonstiltaka blir sette i gang.

Fase 1

Gruppa les først fagartikkelen om informasjonsstrategi (sjå under «Relatert innhald» nedst på sida), og diskuter spørsmåla som er knytte til kvar av dei fem fasane i arbeidet med ein god informasjonsstrategi.

Del deretter gruppa inn i fleire team som kvar får ansvaret for å lage utkast til eit bestemt informasjonstiltak. I kapittelet «Journalistikk og informasjonsarbeid» og i verkstadene «Informasjonstenesta» og «Reklamebyrået» finn de konkrete tips til korleis de kan utforme dei ulike informasjonstiltaka.

Fase 2

Gruppa di skal produsere følgjande:

  • forslag til informasjonsplan

Saman med planen skal de levere:

  • forslag til visuell profil
  • forslag til program
  • forslag til pressemelding
  • skisse til festivalplakat
  • skisse til avisannonse
  • skisse som viser struktur og design på heimesida til festivalen

NB! De må grunngi forslag til ulike informasjonstiltak i informasjonsplanen.

Fase 3

Når arbeidet er ferdig og opplegga klare, skal dei evaluerast. Det beste hadde naturlegvis vore å setje desse planane ut i livet, men det er det neppe tid til. Diskuter i gruppa:

  • Er planen ryddig og godt gjennomtenkt?
  • Svarer planen på behovet til oppdragsgjevaren?
  • Kommuniserer dei ulike informasjonstiltaka godt med målgruppa?
  • Kva er bra i utkasta til informasjonstiltak?
  • Kva kunne ha vore betre?
  • Ville publikum ha strøymt til? Kvifor? / Kvifor ikkje?

Oppgåva er ein bearbeida versjon av same oppgåve på nettstaden Mediana.no.

Idé og opplegg: Trude Løvskar

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter