Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. KommunikasjonsverksemdChevronRight
  5. Informasjonssjef i PSTChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Informasjonssjef i PST

PST er ei nasjonal politieining som har som oppgåve å forebyggje og etterforske lovbrot mot tryggleiken og sjølvstendet til nasjonen vår.

WikiLeaks
I 2010 publiserte nettstaden WikiLeaks 91.000 hemmelegstempla rapportar om krigen i Afghanistan. Er det ein fare for rikstryggleiken?

– Informasjon er ikkje berre tekst. Det kan også vere eit bilete, ein telefonsamtale, ein sms, noko du høyrer på radioen, eller ein enkel, gul lapp, fortel Martin Bernsen (38). Han er informasjonssjef i Politiets sikkerheitsteneste (PST) og har base i Nydalen i Oslo. Ei av utfordringane han fortel om frå arbeidet sitt, er å få andre til å forstå informasjon.

– Same informasjon kan bety ulike ting for ulike menneske. Om du fortel at det er “fint vêr”, så vil dette kunne bety sol i Oslo, mens ein i Bergen kan oppleve vêret som fint på ein skya dag, smiler Bernsen. Han er sjølv oppvaksen i byen mellom dei sju fjella, men studiar og arbeid lokka han over fjellheimen og til hovudstaden.

– Ein del av informasjonen vi menneske mottek, kan vi fysisk kaste i bosset, men om nokon kviskrar deg ein løyndom, klarer du ikkje gløyme han, fortel Bernsen. I jobben opplever han ofte at det å gi informasjon vidare kan bidra til meir informasjon. Det kan vere utfordrande å finne den “rette” informasjonen. Han er til tider avhengig av godt samspel med media.

Mykje inn og lite ut

– Hos oss har vi masse interninformasjon. Det er berre ein liten del som skal eksternt. I jobben som informasjonssjef er eg med på å bestemme kva slags informasjon som skal ut, og korleis vi skal gjere det, seier Bernsen. Ei av utfordringane i møte med media er at ein har ulike roller og motiv.

– Eg skil tydeleg mellom bakgrunnssamtalar og intervju, fortel informasjonssjefen. I jobben kan han dele mykje informasjon med media, men det er ikkje alt som kan publiserast.

– Poenget med bakgrunnssamtalar er ikkje å avsløre løyndomar til journalistar, men å gi journalisten informasjon som gjer at ho eller han kan lage saka si mest mogleg korrekt. Verken PST eller mediet er tente med at reportasjen blir unøyaktig eller direkte feil, utdjupar Bernsen.

Saknar offentlege diskusjonsforum

– PST var tidleg ute med Facebook-bruk og eigne sider på Facebook. Det fungerte i starten, men blei ein arena for kranglefantar. Vi opplevde ein del rasisme og debattar som absolutt ikkje høyrer heime under oss, seier informasjonssjefen. Han ser svakheiter ved Facebook sin sterke posisjon blant forum og nettsamfunn.

– Utviklinga heller mot at Facebook er i ferd med å bli den einaste store innanfor sosiale medium. Dei får same posisjon der som Google har på søk. Facebook passerte 800 millionar brukarar hausten 2011.

– I Noreg har vi ingen diskusjonsforum på nett som er offentlege. Men vi har ein privat aktør i Facebook som legg til rette for debattar. Kontrollen ligg dermed hos andre, og skjer det feil, kan vi ikkje rette opp sjølve, fortel Bernsen. PST har sjølv opplevd feil ved Facebook-tenesta som hindra dei i å svare på innlegg. Vi får fort trøbbel som politi når ting får stå åleine og ubesvart, seier Bernsen.

Frå Facebook til Twitter

PST er framleis aktive på tenester, men Twitter er viktigast for dei.

– Før sende vi ut pressemeldingar på e-post og brukte ressursar på å oppdatere og utvide utsendingslister og adressebok. I dag bruker vi berre Twitter med lenke til nettsidene våre, fortel informasjonssjefen.

Han peikar på tre store fordelar:

  1. Mindre administrasjon
  2. Trafikk blir ført til nettsidene
  3. Eksklusiv bruk av Twitter skaper mange følgjarar

– Folk opplever oss som meir opne, men PST deler ikkje så mykje meir enn før. Vi gjer det oftare, og da opplever mange det som om vi deler meir, seier Bernsen.

Endringane innanfor sosiale medium har vore store dei siste åra. Tempoet er stort. – I sosiale medium endrar sanninga seg heile tida. Det går fort, og det er vanskeleg for bedrifter og institusjonar å lage ein strategi. Det er nytt, og mykje ber preg av prøving og feiling.

– Sosiale medium går meir og meir over på mobil. Smartmobilane fell i pris, og brukskostnadene på telefon går ned, seier Bernsen.

Mørk dag

– Den 22. juli 2011 var eg heime med nyfødt barn. Men eg følgde med og fekk nyast informasjon gjennom Twitter, fortel Bernsen. Hendinga sette lys på ein del utfordringar knytt til informasjon.

– 22. juli viste oss alle kor stort informasjonsbehovet er når det skjer noko. Det var travle tider i vekevis etterpå. Eit stormløp. PST er no (november 2011, red. anm.) inne i ein evalueringsfase. Det kan komme endringar, avsluttar informasjonssjef Martin Bernsen.

Læringsressursar

Kommunikasjonsverksemd

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter