Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. KommunikasjonsverksemdChevronRight
  5. Lag ein valbrosjyreChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Lag ein valbrosjyre

Alle politiske parti som stiller til val har ei ega valbrosjyre med informasjon om kva partiet står for.

Denne valbrosjyren for SV er laga som ei skuleoppgåve av mediefageleven Andreas Wehus i samband med kommune- og fylkestingsvalet i 2011.

Oppdrag

Lag ein valbrosjyre for eit politisk parti til Stortingsvalet i 2013.

  1. Først studerer du partiprogrammet og partiets nettsider. Deretter lagar du ei skisse, gjerne på papir.
  2. Tenk gjennom:
    – Kven er målgruppa for denne brosjyren?
    – Kva er hovudbodskapen til partiet?
    – Kva for bilete illustrerer best det partiet står for?
    – Kva for eit av desse bileta appeller mest til mottakargruppa?
    – Kva for fargar bør vere gjennomgåande?
    – Kva for illustrasjonar eller logoar vil du bruke?
    – Kva skal vere blikkfanget/stoppeffekten i brosjyren?
  3. Skriv teksten til brosjyren, og vel overskrifter.
  4. Deretter set du tekst, bilete og illustrasjonar saman til ein brosjyre ved hjelp av eit tekstredigeringsverktøy eller eit desktop publishing-verktøy.
  5. Dersom du er nøgd med resultatet, kan du dele det med andre på Issuu. Hugs at du då berre må bruke bilete som er opphavsrettsklarerte.

Læringsressursar

Kommunikasjonsverksemd

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter