Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. KommunikasjonsverksemdChevronRight
  5. Kommunikasjonssjef i StrømmestiftelsenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kommunikasjonssjef i Strømmestiftelsen

Mange frivillige organiasjonar har eigen marknads- og kommunikasjonsmedarbeider. Strømmestiftelsen er ein av dei. En viktig del av arbeidet handlar om kommunikasjon med bidragsytarar.

Egil Mongstad om kommunikasjonssjef i Strømmestiftelsen

Strømmestiftelsen

Strømmestiftelsen er ein frivillig organisasjon med hovudbase i Kristiansand. Stiftelsen byggjer verksemda si på kristne verdiar, men er religiøst og politisk nøytrale i utviklingsarbeidet og i val av samarbeidspartnarar.

Ein viktig del av arbeidet til Strømmestiftelsen er å få folk til å bidra økonomisk til det arbeidet organisasjonen utfører. Marknadskommunikasjon blir vanlegvis definert som kommunikasjon mellom ei bedrift og ein kunde. Men i dette tilfellet dreier det seg om kommunikasjon mellom ein frivillig organisasjon og ei gruppe bidragsytarar.

Informasjons- og samfunnskontakt (PR)

Føremålet med det arbeidet stiftelsen gjer med informasjons- og samfunnskontakt, er å fortelje kva organisasjonen driv med, og skape ei positiv haldning blant folk flest til organisasjonen.

– Vi jobbar med å få fram dei fattige sine problemstillingar og setje kvardagsutfordringar på dagsordenen, seier informasjonsleiar Egil Mongstad i Strømmestiftelsen.

Frivillige organisasjonar som Strømmestiftelsen baserer verksemda si på innsamla midlar. Slike organisasjonar er spesielt sårbare for negativ omtale i media.

"Sel" bistand til fattige

– Det andre vi jobbar med, er å kommunisere slik at vi kan få inn pengar til arbeidet vårt, fortel Mongstad.

I dette arbeidet må Strømmestiftelsen ta i bruk dei same verkemidla som dei som sel vanlege produkt, slik som annonsering og direkte marknadsføring.

Studer heimesida til Strømmestiftelsen :

  • Kva type informasjon finn du på desse sidene?
  • Finn du kritiske synspunkt på den verksemda stiftelsen driv?
  • Kva for salsfremjande element finn du på sida?

Læringsressursar

Kommunikasjonsverksemd

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter