Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. KommunikasjonsverksemdChevronRight
  5. Solidaritet eller kynisme?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Solidaritet eller kynisme?

Oppgåve 1

Sjå reklamefilmen for sportskjeda XXL. Denne filmen blir send på TV 2 i samband med sendingane frå OL i Sotsji.

  1. Kva vil du seie er den viktigaste stoppeffekten i denne reklamefilmen?
  2. Kva for allusjonar til andre reklametekstar inneheld filmen?
  3. Kva for syn på kjønnsroller er filmen eit uttrykk for?

Oppgåve 2

Sjå undervisningsfilmen Reklamefilmen: retorikk i praksis.

  1. Kva er det viktigast å tenkje på når ein skal lage ein reklamefilm?
  2. I kor stor grad meiner du reklamefilmen XXL Airport Love oppfyller krava til god forteljeteknikk i reklamefilm?

Oppgåve 3

I reklamefilmen XXL Airport Love ser vi to kvinner som kysser kvarandre.

  1. Kvifor trur du XXL har valt denne overraskingseffekten i ein reklamefilm som blir send nettopp i samband med OL i Sotsji?
  2. Kva for effekt trur du XXL ønskjer å oppnå med denne reklamefilmen?
  3. Tenk deg at reklamefilmen hadde blitt send på norsk fjernsyn i samband med OL i Lillehammer i 1994. Trur du effekten hadde vore den same den gongen?
  4. Les oppslaget i Nettavisen: Lesbekyss spres i rekordfart. Kvifor meiner Break at "Olympisk reklame fra Norge er den beste noensinne"?
  5. Diskuter i klassen: Er XXLs OL-reklame uttrykk for solidaritet med homofile, eller er det berre eit forsøk på å tene pengar på den skeptiske haldninga nordmenn har til russarar og russisk kultur?

Omgrep

  • Stoppeffekt: Verkemiddel som har som føremål å fange merksemda til mottakaren.
  • Allusjon: Noko som viser til ein annan kjend tekst eller ei kjend hending.

Læringsressursar

Kommunikasjonsverksemd

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter