Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. KommunikasjonsverksemdChevronRight
  5. KommunikasjonsverksemdChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kommunikasjonsverksemd

Kommunikasjonsarbeid er planlagd kommunikasjon. Lojaliteten til kommunikasjonsarbeidaren ligg hos oppdragsgjevar. PR-verksemd handlar om å skape eit godt omdøme. Ein lobbyist freistar å påverke politiske vedtak.

Jente som hvisker og jente som lytter. Kollasj.

Informasjons- og samfunnskontakt

Mange offentlege etatar og ein del private bedrifter og organisasjonar har eigne kommunikasjonsmedarbeidarar. Dei utarbeider kommunikasjonsstrategiar og informasjonsmateriell. Slik får publikum informasjon om reglar, rettar, plikter, årsaker, verknader, bestemte produkt, eller bestemte meiningar.

PR-verksemd, eller omdømebygging, er ein del av verksemda til desse kommunikasjonsarbeidarane. Det kan vere like viktig å få folk til å betale skatten med glede som å informere dei om korleis dei kan sjekke sjølvmeldinga si.

Forskjellen på PR-verksemd og marknadsføring og reklame er at reklame er betalt informasjon. Du finn meir stoff om reklame i verkstaden Reklamebyrået her på NDLA.

Lojal mot oppdragsgjevar

Både journalistar, tilsette på opplysingskontor og PR-byrå, medierådgjevarar og folk i reklamebransjen kan i utgangspunktet kalle seg "kommunikasjonsarbeidarar". Alle driv med det vi kan kalle planlagd kommunikasjon.

Det er likevel ein vesentleg forskjell mellom journalisten og dei andre aktørane i kommunikasjonsbransjen. Journalisten sin lojalitet ligg i utgangspunktet hos mottakarane. På vegner av dei forsøker journalisten å grave fram mest mogleg informasjon om det som faktisk har skjedd.

Kommunikasjonsmedarbeidaren bygger også på fakta. Men lojaliteten ligg hos oppdragsgjevaren. Oppgåva til kommunikasjonsarbeidaren er å kommunisere fakta på ein måte som gjer at så mange som rå oppfattar den bodskapen som oppdragsgjevaren ønskjer å sende, eller å hjelpe til med å forme haldninga mottakaren har til ein bestemt person, ei bestemt sak eller eit bestemt produkt.

Lobbyverksemd

Ein lobbyist er ein person som på vegner av ein oppdragsgjevar freistar å påverke politiske vedtak. Dette er svært utbreidd i amerikansk politikk, men er også ein bransje i framvekst i Noreg. Kommunikasjonsbyråa hyrer gjerne inn tidlegare politikarar til slike oppdrag. Dei kjenner maktkorridorane. Nokre meiner at denne forma for politisk påverknad trugar demokratiet, sidan ikkje alle borgarar har råd til å leige slike tenester.

Hans Geelmuyden driv eit av dei mest kjente PR-byråa i Noreg. Han hevdar at lobbyverksemd fører til meir demokrati, sidan folk på denne måten får høve til å påverke politiske vedtak direkte. Her i diskusjon med politisk redaktør i Dagsavisen, Arne Strand.

Medierådgjevarar, ei yrkesgruppe i vekst

Eit informasjonsyrke som er i sterk vekst er yrkesgruppa medierådgjevarar. Tidlegare var det vanleg at berre bedriftseigarar og toppolitikarar omgav seg med rådgjevarar som sørgja for at dei blei synlege i media på ein mest mogleg positiv måte, og at uheldige episodar blei dyssa ned. I dag har både artistar og idrettskjendisar eigne medierådgjevarar.

Mange medierådgjevarar har bakgrunn som journalistar og kjenner arbeidsmåten til media frå innsida. I løpet av dei siste åra har sosiale medium blitt ein viktig arena der medierådgjevarane sjølve kan ta regi, utan innblanding frå kritiske journalistar.

Læringsressursar

Kommunikasjonsverksemd

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter