Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. KommunikasjonsverksemdChevronRight
  5. Planlegg ein kampanje mot bruk av tobakkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Planlegg ein kampanje mot bruk av tobakk

Føremålet med ein haldningskampanje er å få folk til å endre haldningar og åtferd. Føresetnadene for ein vellykka haldningskampanje er grundige undersøkingar, definisjon av målgrupper og god planlegging av kommunikasjon.

Jente som snuser

Arbeidsoppdrag

Førebygging av helseproblem er ein viktig del av folkehelsearbeidet og ei kommunal oppgåve. Kommunen du bur i, har bede medielinja på skulen din om å planleggje ein kampanje som skal redusere tobakksbruken med 15 prosent blant ungdomsskuleelevar og utsetje debutalderen.

De har ansvaret for

  1. å konkretisere problemstillinga
  2. finne talmateriale som seier noko om bruk av tobakk i denne aldersgruppa
  3. planleggje kampanjen
  4. føreslå kommunikasjonstiltak
  5. å utforme skisser til slike tiltak

Lag ein plan for gjennomføring av haldningskampanjen, lag skisser og skriv eit refleksjonsnotat der de forklarer dei vala de har gjort.

Planen skal vurderast av læraren dykkar.

Tips når de skal løyse oppgåva

  • Formulerer problemstillinga
    Lag problemstillinga så enkel som råd. Det er viktig å fokusere på ei problemstilling om gongen, elles blir bodskapen utydeleg.
  • Framstå som truverdig
    Det viktigaste i ein haldningskampanje er å avsløre noko folk opplever som sant. Slik blir bodskapen truverdig. Truverde er avgjerande for at haldningskampanjen skal lykkast i å endre måten folk tenkjer og oppfører seg på.
  • Vurder verkemiddel
    Ein haldningskampanje må appellere både til hjartet og til hjernen. Vel derfor verkemiddel med omhug.
  • Test produksjonsskissa
    Bruk eit utval personar med ulik bakgrunn for å teste ideen din før du går i gang med produksjonen. Vender dei tommelen ned, må du tenkje ein gong til.
  • Bruk fleire kanalar
    Det er vanskeleg og tidkrevjande å få folk til å endre haldningar. Å lage ein videosnutt er langt frå nok. Bodskapen må presenterast i ulik form og i ulike medium. Planlegg gjerne ein aktivitet som kan vekkje merksemd. Det kan vere ein konsert, ei utstilling eller ein konkurranse.

Læringsressursar

Kommunikasjonsverksemd

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter