Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. KommunikasjonsverksemdChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kommunikasjonsverksemd

Stadig fleire vel å tilsetje eigne kommunikasjonsrådgivarar. Det same gjeld offentlege etatar, politiske parti og organisasjonar som er avhengige av eit godt omdøme.

Kommunikasjonsbransjen er i rask vekst. I løpet av dei siste 15 åra har talet på kommunikasjonsmedarbeidarar nær dobla seg. Som forbrukarar i Noreg kan ein velje og vrake i produkt og tenester. Kommunikasjonsbransjen hjelper bedrifter å byggje eit godt omdømme slik at vi vel det nettopp dei kan tilby.

Mange oppdragsgivarar er avhengig av eit godt omdømme for å nå måla sine, anten det gjeld å selje meir, skape sympati for eit velgjerande føremål eller å vinne eit val.

I dag er både tradisjonelle medium og sosiale medium viktige arenaer for samfunnsdebatt. Dersom du ønskjer å bli statsminister i Noreg, må du gjere ein god figur på TV-skjermen. Du må også kunne kommunisere med potensielle veljarar på Facebook og Twitter. Då er ein kommunikasjonsrådgivar god å ha.

Læringsressursar

Kommunikasjonsverksemd

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter