Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. RettsjournalistikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rettsjournalistikk

Ein journalist skal aldri la seg bruke av spesielle interessegrupper i ei rettssak, men ta omsyn til det behovet allmennheita har for informasjon. Mange saker blir prosederte på førehand i media før dei blir handsama i rettssystemet. Ein gjennomtenkt mediestrategi er også eit viktig våpen for terroristar.

dvokat John Christian Elden i samtale med presse utenfor rettsal 250 i Oslo tinghus. Foto.
Stjerneadvokat John Christian Elden stiller ofte opp for media før ei rettssak startar.

Prosedyre i media

Rettsjournalistikk har alltid vore ein viktig del av pressa si oppgåve i samfunnet. Media skal overvake domstolane, på same måten som dei overvaker Storting og regjering. Det er likevel kritiske røyster som hevdar at media ikkje lenger berre er ei vaktbikkje, men også ein aktør i straffesaker.

Breivik-saka er et godt eksempel på korleis straffesaker i dag blir prosederte i media før rettssaka startar. Både påtalemakt, forsvararar, bistandsadvokatar og sakkunnige har aktivt brukt pressa til å skape forståing og sympati for interessene sine før saka kjem opp i tingretten. Nokre har til og med medvite lekt fortruleg informasjon til media.

Pressas integritet og ansvar

Ver Varsam-plakaten pålegg pressa å verne om ytringsfridomen. Ein journalist skal ikkje gi etter for press frå nokon som vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgang til kjeldene. Men plakaten seier også noko om kriminaljournalistikk og journalisten sin integritet og ansvar:

2.2. Redaktøren og den einskilde redaksjonelle medarbeidar skal verne om si uavhengigheit, integritet og truverde. Unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindingar som kan skape interessekonfliktar eller føre til spekulasjonar om inhabilitet.

4.5 Unngå førehandsdømming i kriminal- og rettsreportasje. Gjer det klart at skuldspørsmålet for ein mistenkt, meld, sikta eller tiltalt først er avgjort ved rettskraftig dom. Det er god presseskikk å omtale ei rettskraftig avgjerd i saker som har vore omtalte tidlegare.

4.6 Ta omsyn til korleis omtale av ulykker og kriminalsaker kan verke på offer og pårørande. Identifiser ikkje omkomne eller sakna personar utan at dei næraste pårørande er varsla. Vis omsyn overfor menneske i sorg eller ubalanse.

Eit dilemma for nyheitsmedia

Massedrapsmannen Anders Behring Breivik har 77 liv på samvitet sitt. Han sa sjølv at eit viktig motiv for handlinga var å få media til å interessere seg for den bodskapen han ville formidle. Dette ønsket deler Behring Breivik med terroristar over heile verda.

Dåverande generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund hevda at det er i strid med all sømelegheit å gi Behring Breivik denne talarstolen. Han meinte også at pressa har eit ansvar for å ta vare på ofra og dei pårørande i slike saker. Mange av desse har gitt uttrykk for at det er ei påkjenning dagleg å bli konfrontert med bilete av drapsmannen på avisframsider og TV-skjerm.

Andre meiner det er uprofesjonelt av journalistar å ikkje handsame slike sakar på same måten som andre viktige hendingar. Når media sensurerer seg sjølve, er det ein trussel mot ytringsfridomen og fri flyt av informasjon i eit samfunn.

Dagsrevyen om å intervjue Anders Behring-Breivik.

Terroristar i TV-ruta

Breivik-saka er ikkje unik. Ein straffedømt mulla Krekar brukte eit halsande pressekorps som mikrofonstativ for dårleg skjulte oppfordringar til terrorhandlingar. Mediedekkinga av terrorhandlingar i regi av IS og al-Qaida er eit av dei viktigaste våpna terroristane rår over. I skuleskytingane i fleire land sørgde drapsmennene for å spreie videobilete av seg sjølve på YouTube før dei tok liva sine.

Det som kjenneteiknar slike saker, er altså at gjerningspersonane har ein medviten og nøye planlagt mediestrategi. Dramatiske og spektakulære hendingar er alltid godt stoff for media. I ein hektisk arbeidssituasjon på desken er det lett å ty til slikt materiale, noko mange medium framleis gjer dei første timane etter ein terroraksjon.

Les meir

Medievitar Svein Brurås ved Høgskulen I Volda har forska på presseetikk.

Les artikkelen hans om The Violent Hero Model.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Page One: A Year Inside the New York Times

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff