Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. GravejournalistikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gravejournalistikk

Ein gravejournalist, eller researcher, er som oftast ein del av eit redaksjonsteam. Researcheren kjem med idear til artiklar eller program og med forslag til kva for kjelder som kan kaste lys over saka.

Tarjei Leer-Salvesen har jobba som reseacher i Brennpunkt-redaksjonen i NRK og i Fædrelandsvennen.

Å jobbe som researcher

Ein viktig del av arbeidet er å hente inn og verifisere informasjon frå ulike kjelder. Å verifisere betyr å sjekke at informasjonen er rett. Ofte er det andre journalistar eller programleiarar som er det synlege ansiktet når saka blir publisert.

Det er mogleg for store mediebedrifter å tilsetje eigne personar som har som jobb å grave fram informasjon til bruk i bakgrunnsartiklar, reportasjar eller dokumentarar. Dess større ei mediebedrift er, dess meir spesifikke arbeidsoppgåver har ein researcher.

NRK Brennpunkt er Noregs største redaksjon for undersøkjande journalistikk. Redaksjonen formulerer mandatet sitt slik: ”Vår oppgave er å fortelle deg ting du bør vite om, men som noen forsøker å skjule.”

Når ei sak blir publisert i Brennpunkt, får det store konsekvensar for dei saka handlar om. Eit eksempel på dette er programserien Lykkeland – ein kritisk dokumentar om kriminalitet blant romfolk i Bergen, som vart send i 2017. Programmet førte til at mange tiggarar i andre norske byar opplevde å bli trakasserte på gata. Debatten etterpå viste også kor viktig det er at all informasjon i slike program er etterretteleg. Bilder i NRK-dokumentar stammer neppe fra tiggermiljøet

Slik jobbar ein researcher

  • er med på redaksjonsmøte
  • utviklar idear
  • briefar andre
  • skaffar fakta frå kontor og arkiv
  • kontaktar kjelder
  • sjekkar at kjeldene er truverdige
  • gjer avtalar
  • hentar inn informasjon
  • verifiserer informasjon

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Page One: A Year Inside the New York Times

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff