Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Kriminalreportar på jobbChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kriminalreportar på jobb

Dette er saka

Den 17 år gamle Anne har i 14 dagar vore sakna frå heimen i Ålandsbygda, der ho bur saman med foreldra og to yngre søsken. I det som media no kallar ”Anne-saka”, har politiet gjennomført eit intenst etterforskingsarbeid. Politiet har stadig trappa opp arbeidet med det som ein etter kvart har frykta skulle bli ei alvorleg kriminalsak. Heile bygda har vore prega av denne hendinga, som har fått stor merksemd i media. No er det skjedd eit gjennombrot i saka, og det er innkalla til pressekonferanse kl. 10 hjå politiet i Ålandsbygd.

Du er journalist og skal dekkje saka saman med ein fotograf. De er med på pressekonferansen og brukar resten av dagen til å drive research i bygda. Mellom anna intervjuar du ulike menneske med tilknyting til dei impliserte.

Intervju personar som kjende Anne:

Oppgåve 1

Skiv ei kort nyheitssak frå pressekonferansen til nettavisa i dag.

Oppgåve 2

Skriv ei nyheitsmelding til avisa neste dag.

Oppgåve 3

Skriv ein tosides reportasje til laurdagsutgåva.

Vel sjølv overskrifter, ingressar og bilete til alle tre sakene.Vel bilete frå Biletgalleri Anne-saka .

Tips

  • Vel kva for avis du vil skrive for.
  • Tenk gode overskrifter.
  • Vel interessante bilete med relevant biletinnhald.
  • Bruk ei vinkling som treff målgruppa til avisa.
  • Belys saka frå fleire sider.
  • Ta vare på det menneskelege elementet (”human touch”).
  • Ta med naudsynlege saksopplysningar (faktaboks).
  • Balanser subjektive og objektive synspunkt.
  • Ver nøye med korrekt attgjeving av det intervjuobjekta seier.
  • Sjekk at innhaldet er i samsvar med Ver varsam-plakaten.

Overordna problemstillingar som du bør tenkje på:

  • Viktige presseetiske prinsipp
  • Kjeldekritikk

Du bør først ha lese desse artiklane (realtert innhald):

  • Avisreportasje
  • Journalistiske sjangrar
  • Kva er ein reportasje?

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Page One: A Year Inside the New York Times

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff