Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Journalistiske skrivemodellarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Journalistiske skrivemodellar

Ein avisreportasje består av fleire tekstdelar og som oftest eitt eller fleire bilete. Nyheitsartiklar blir gjerne bygde opp etter skrivemodellen Den omvende pyramiden. I ein reportasje er det vanleg å bruke skrivemodellen Fisken.

Jente som skriver på notatblokk. Foto.

Nyheitsartikkel og nyheitsreportasje

Ein nyheitsreportasje i ei avis er meir omfattande enn ein vanleg nyheitsartikkel. Reportasjen består vanlegvis av fleire delar, for eksempel eit hovudoppslag, ei undersak, bakgrunnsinformasjon, notisar og enkét (”Fem på gata”). Reportasjen blir gjerne slått stort opp over fleire sider og med fleire bilete.

Ein annan forskjell mellom nyheitsartiklar og reportasjar er tidsaspektet. Ein nyheitsartikkel kjem gjerne ut så raskt som mogleg etter ei hending. Ein reportasje derimot kan publiserast også i dagane etter. Veldig ofte produserer ein journalist som er på staden, først ein nyheitsartikkel om sjølve saka til neste dag. Deretter kan journalisten produsere reportasjar til dei neste dagane.

Kanskje får vi vite korleis lokalmiljøet har blitt prega av hendinga. Kanskje får vi lese om korleis ein av hovudpersonane har opplevd tida etter hendinga. Kanskje får vi lese om korleis familien til nokre involverte har opplevd hendinga. Det er stort sett berre fantasien til journalisten som set grenser for kva ein kan lage ein reportasje om.

Ulik oppbygging

Nyheitsartiklar blir stort sett produserte etter skrivemodellen Den omvende pyramiden, der innhaldet blir presentert etter fallande viktigheit, altså med det viktigaste først.

Reportasjen har gjerne ei anna oppbygging. Veldig ofte blir skrivemodellen Fisken brukt. Fisken har eit hovud og ein kjeft med eit kraftig bitt. Hovudet svarer til ingressen i reportasjen, som gir lesaren eit innblikk i kva teksten dreier seg om, og som skal vekkje interesse og gi lyst til å lese resten.

Den viktige informasjonen kjem først og fremst i kroppen på fisken, og hovudpoenget blir gjerne spart til sist og kan samanliknast med den snerten som finst på halestykket eller fiskesporden.

Ei av årsakene til at reportasjar kan skrivast på denne måten, er at dei som les ein reportasje, ofte allereie er interesserte i det reportasjen handlar om. Kanskje har dei lese nyheitsartiklane om hendinga, og no ønskjer dei å få meir innsikt i miljøet rundt og kanskje spesielt i kjenslene og reaksjonane hos dei involverte. Mens ein nyheitsartikkel kan kuttast ukritisk bakfrå av folka på nyheitsdesken i avisa (det vil seie av dei som plasserer stoffet og utformar avissidene), må desken vere meir forsiktig når reportasjar skal endrast på. Her må dei gjerne snakke med journalisten slik at ikkje viktig informasjon forsvinn om dei kuttar vekk "fiskesporden”.

Feature-reportasjen

Feature-reportasjen kan ta utgangspunkt i ei aktuell hending, men svært ofte er det journalisten sjølv som set eit emne eller ein person på dagsordenen. Utfordringa blir da å vinkle stoffet og skrive så kreativt og godt at ein klarer å vekkje interesse hos lesaren og halde på han gjennom heile teksten. Også feature-reportasjen er oftast bygd opp etter mønster av Fisken.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Page One: A Year Inside the New York Times

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff