Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Min nye kollega, NTB-roboten Bob ChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Min nye kollega, NTB-roboten Bob

Denne kommentaren er skriven av eit menneske. Han har derfor teke litt tid å produsere og kan innehalde faktiske feil.

Robot som tenker. Illustrasjon.

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

Måndag 16. mai 2016 var NTB uvanleg raskt ute med referatet frå kampen mellom Aalesund og Start. Berre nokre sekund etter at dommar Tommy Skjerven bles sluttsignalet, kunne telegrambyrået fortelje at det blei poengdeling på Color Line stadion, og at det var Edvard Skagestad som sikra eitt poeng for Aalesund etter at Chidiebere Nwakali hadde gitt Start leiinga.

Den korte artikkelen var verken betre eller dårlegare enn slike fotballreferat bruker vere. Det spesielle var at han var skriven av den første journalistroboten i Noreg, ein lynrask liten medarbeidar som kollegaene i NTB kallar Bob.

Halvtanna år seinare, på valkvelden 11. september, tok Bob steget over i politisk avdeling. Etter kvart som oppteljnga av røystene skreid fram, laga Bob små nyheitssaker frå kvart fylke. Det gjorde han i rasande fart – hurtigare enn sjølv den mest touch-skrivande menneskelege journalist kunne makta.

Bob har mange andre fortrinn enn farten. Han lærer for eksempel kontinuerleg og gjer ikkje same feil to gonger – noko få av hans menneskelege kollegaer kan påstå om seg sjølv. NTB ligg langt framme i utviklinga av robotar som kan løyse oppgåver journalistane anten ikkje har kapasitet til eller interesse for. Men dei er ikkje åleine. Storebror AP, som døgnet rundt leverer nyheiter til 1700 aviser og 5000 radio- og TV-stasjonar berre i USA, har nyleg publisert ein eigen guide for bruk av robotar i redaksjonane. Samandraget er skrive av ein robot som kan analysere naturleg språk.

AP kallar det augmented journalism, utvida journalistikk, og det er slik dei trur robotane vil verke: som verktøy for å gjere journalistikken breiare, djupare og tøffare.

Då 400 journalistar frå mange land, alle knytte til International Consortium of Investigative Journalists, våren 2016 pløgde gjennom 11 millionar dokument frå eit advokatfirma i Panama, i den største mediedugnaden i historia, måtte dei stole berre på journalistane sin naturlege intelligens. I dag ville dei brukt kunstig intelligens i tillegg, og ganske sikkert funne mange fleire hemmelegheiter i dei 2,6 terrabytes med data som lekkasjen bestod av. I løpet av berre eitt år er moglegheitene for journalistikken radikalt utvida. AP har brukt algoritmar til å gjere noko av arbeidet i redaksjonen sidan 2014 og meiner sjølve at dei har frigjort 20 prosent av journalistane si arbeidstid, som kan brukast til meir kompliserte oppgåver, som robotane førebels ikkje kan utføre. Blant anna leverer byrået no 12 gonger så mange korte økonomisaker, basert på børsinformasjon, årsrekneskap og andre offentleg tilgjengelege dokument. Bob i NTB lagar journalistikk av tala til Statistisk sentralbyrå.

Når ein gjeng slike lynraske, lærenæme, og etter kvart stadig meir språksikre, robotar blir vanlege innslag i alle redaksjonar, aukar krava til journalistane. Ferdigheiter i programmering, evna til å samarbeide med dataingeniørar, og ikkje minst viljen til å utnytte robotane sine ferdigheiter saman med sine eigne, vil vere viktig – utan at dei gamle ferdigheitene mistar si betydning. Evna til å kjenne att ei god historie, finne dei truverdige kjeldene, etablere tillit og få dei til å snakke – alt dette vil framleis vere sentrale ferdigheiter. Men når kjeldene har snakka, kan robotane gjere talen om til tekst, sjekke opplysningane mot enorme databasar og føreslå ein struktur i det ferdige journalistiske produktet.

AP lèt også ein journalistrobot lese rapporten om robotjournalistikk. Han kom fram til at teksten vil bli oppfatta som «intellektuell, rasjonell eller systematisk», ord mange journalistar sjeldan høyrer frå desken.

Det er langt fram til NTB sender Bob for å intervjue Høgre sin nestleiar om kva partiet vil gjere med kontantstøtta. Men det treng ikkje gå så lang tid før Bob forsyner sin menneskelege kollega med alt partiet før har meint om saka, analyser av kva som vil skje om støtta blir auka eller fjerna, forslag til gode alternative kjelder og eksempel på kva ord som har fått lesarane til å like og dele tidlegare artiklar om same tema. Mange journalistar vil oppleve robotane som ein trussel. Dei luraste er nok dei som innser at deira eigen intelligens ikkje er større enn at han kan ha godt av litt utviding.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Page One: A Year Inside the New York Times

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff