Skriv ein nyheitsartikkel steg-for-steg.

Du kan ha denne læringsstien open i eit vindauge i nettlesaren din og tekstverktøyet ope i eit anna vindauge, slik at du lett kan veksle mellom dei to.
1 Skriv ein tittel
Viss du slit med å komme i gang, skriv ned dei tre viktigaste stikkorda for vinklinga di og jobb ut frå dei.
2 Skriv ein ingress
Hugs at også denne kan endrast fleire gonger undervegs, men at det å skrive ein ingress tidleg i arbeidsprosessen vil hjelpe deg med både å bestemme vinkling og å spisse ho.
Slit du med ingressen, kan du godt skrive ei litt lang setning utan å tenkje på kva for ord du bruker, og så heller korte han ned etter kvart.
3 Vis ingress og tittel til ein klassekompis
- Forstår klassekompisen din kva saka handlar om?
- Får ho eller han lyst til å vite endå meir om saka?
Om ikkje, må du jobbe meir med både tittel og ingress før du går vidare.
4 Start arbeidet med brødteksten
Du skal så skrive dei to første avsnitta av brødteksten. Som du sikkert hugsar, skal ein nyheitsartikkel strukturerast etter den omvende pyramiden eller trekanten for fallande viktigheit, som i praksis vil seie at du skal starte med det viktigaste og avslutte med det som er mindre viktig.
Dei to–tre første avsnitta, i tillegg til tittel og ingress, kan du sjå på som toppen av trekanten, og altså tenkje at her skal alt vere viktig og heilt i tråd med den spissa vinklinga di.
Prøv å skrive to versjonar: Ein som er faktabasert, og ein annan som er basert på eit sitat. Så vurderer du kva som passar best til di sak. (Sjekk fagteksten viss du ikkje hugsar forskjellen mellom dei to.)
5 Gjer ferdig brødteksten
Du må komme med noko nytt i teksten. Har du hatt mest fokus på fakta så langt, få inn nokre sitat. Har du hatt mest fokus på sitat, få inn meir fakta. Har du late ei kjelde få snakke mykje, så la ei anna snakke no.
Vi kan godt tenkje at du her er ved midten av trekanten. Du skal framleis halde deg til vinklinga, men akkurat den spissinga du skulle halde deg til i tittel/ingress/starten av brødteksten, kan du løyse litt på no.
Ta avsnitt for avsnitt. Når du er ferdig med ei kjelde, går du over på neste. Når du er ferdig med eitt poeng, går du over til neste, og så vidare. Pass berre på å skrive ein overgang mellom avsnitta.
Hugs å veksle mellom fakta, indirekte sitat og direkte sitat.
Mange er uroa for ikkje å skrive langt nok, men ikkje tenk på lengde no! Din jobb er ikkje å skrive langt. Din jobb er å gi folk i lokalsamfunnet ditt god journalistikk. Og ikkje tenk på avslutning. Ein nyheitsartikkel treng inga fancy avrunding. Du sluttar når du har skrive det som er relevant, og avsluttar enkelt og greit med eit punktum etter siste setning.
Hugs også å skrive ein kort bilettekst til kvart av bileta dine.
Sjå over teksten!
Du har no eit ferdig produkt klart. Det siste du må gjere, er å lese gjennom teksten din og sjekke tre ting:
- Stemmer framleis tittel og ingress med vinklinga på saka, eller skal dei endrast?
- Føler du at det er god flyt i språket når du les gjennom, eller skal du endre ei setning her og der? Eit triks er å lese teksten høgt for deg sjølv. Der det stoppar opp i opplesingsflyten, kan det vere lurt å gjere justeringar. Hugs at det ofte berre skal små endringar til for å løfte kvaliteten på teksten.
- Har du lagt til bilete, bilettekst og byline?
Då er du klar og kan snakke med læraren din om publisering.
Læringsressursar
Journalistikk
Læringssti
Innføring i journalistikk
KjernestoffLokalavisjournalistikk
KjernestoffJournalistikk og journalistrolla
Kjernestoff
Fagstoff
Journalistikk, informasjon og reklame
KjernestoffJournalistikk
KjernestoffDen journalistiske arbeidsprosessen
KjernestoffKjeldekritikk i journalistikk
KjernestoffNyheitskriterium
KjernestoffSlik byggjer du opp teksten
KjernestoffJournalistiske skrivemodellar
KjernestoffIntervjuet
KjernestoffIntervju med ei munnleg kjelde
KjernestoffLokalaviser og demokrati
KjernestoffÅ starte arbeidet med ein brødtekst
KjernestoffÅ gjere ferdig brødteksten
KjernestoffSamarbeid mellom aviser
KjernestoffOversikt over journalistiske sjangrar
KjernestoffPå jobb i Fædrelandsvennen
KjernestoffVaktsjef radio – NRK Hordaland
KjernestoffPå jobb som frilansar
KjernestoffGravejournalistikk
KjernestoffForbrukarjournalistikk
KjernestoffRettsjournalistikk
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Lei av å bli lurt?
KjernestoffA Year Inside the New York Times
KjernestoffJournalistrolla i endring
KjernestoffKva kan du no om journalistikk?
KjernestoffKva kan du om nyheitskriterium?
KjernestoffPrøv deg som journalist
KjernestoffSkrivemal: Nyheitssak basert på to kjelder
KjernestoffVurder lokalavisa di
KjernestoffPlasser sjangrar i rett kategori
Kjernestoff- Kjernestoff
Skriv ei nyheitssakDu er her
Kriminalreporter på jobb
KjernestoffNyheitsdrama på E18
KjernestoffEr kjeldene truverdige?
KjernestoffIntervjuteknikk og objektivitet
KjernestoffKrig på TV-skjermen
KjernestoffDei ubehagelege spørsmåla
KjernestoffRollespel om kjeldekritikk
KjernestoffVel rett pressefoto
KjernestoffIntervjuteknikk i valdebattar
Kjernestoff
Kildemateriale
Grenselaus journalistikk
KjernestoffMin nye kollega, NTB-roboten Bob
Kjernestoff