Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. JournalistikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Journalistikk

Journalistikk er informasjon om noko som faktisk finst eller har hendt, og som blir formidla på ein upartisk måte i ein uavhengig nyheitskanal. Det er også ein profesjon, det vil seie eit yrke som blir utøvd av journalistar.

Jente med notatblokk. Manipulert fotografi.

Journalisten har eit viktig samfunnsoppdrag. Han eller ho skal samle mest mogleg informasjon om det som skjer i samfunnet, bearbeide informasjonen og formidle han til oss via aviser, blad, radio, fjernsyn eller Internett. I eit demokrati er vi heilt avhengige av arbeidet til journalistane.

Journalistikken er dessutan viktig for å avsløre maktmisbruk, kritikkverdige forhold hos styresmaktene og overgrep mot enkeltpersonar. Det er ikkje for ikkje noko at pressa blir kalla «den fjerde statsmakta».

Ikkje alle beretningar som blir publiserte, er journalistikk. Ein bloggar som deltek i ein miljøvernaksjon, kan fortelje nøyaktig om det som skjer. Men det er slik han eller ho opplever det. Journalistikk er det først når nyheita blir formidla av ein journalist i ein fri og uavhengig nyheitskanal.

Det er likevel viktig at ikkje pressa sjølv misbruker makta si, spreier feilinformasjon og trør ned enkeltmenneske. I Noreg er reglane for god journalistikk nedfelte i Ver varsam-plakaten.

Fri og uavhengig informasjon

Frie og uavhengig mediekanalar er opptekne av at journalistikk skal vere balansert informasjon. Det vil seie at journalistane, redaktørane og fotografane som jobbar for mediekanalen, skal kaste lys over saker frå fleire sider. Det gjer dei ved å la folk som har ulike synspunkt, komme til orde. Ein fri og uavhengig mediekanal sjekkar også at sakene dei publiserer, kjem frå pålitelege og truverdige kjelder.

Målet er at journalistikken skal vere påliteleg for publikum. Dei som les avisa eller ser på nyheitene, skal kunne stole på at det som kjem fram, er sant, og at det er nøytralt framstilt. Det vil mellom anna seie at journalistane ikkje bør skrive om saker som dei er knytte til personleg. Profesjonelle journalistar intervjuar for eksempel ikkje sine eigne vener eller familie.

Sjølv om journalistane forsøkjer å vere frie og uavhengige, er det ikkje alltid at sakene blir heilt nøytralt framstilte likevel. Det kan skuldast fleire forhold:

  • journalistane sine val av kven som intervjuast
  • journalistane sine forhold til kjeldene
  • korleis saka blir vinkla, altså kva det blir fokusert på
  • koleis saka biletleggjast
  • kva og kor stor plass saka får i nyheitskanalen
  • korleis kanalen finansierast, altså korleis han tener pengar

Subjektiv og objektiv journalistikk

Dei fleste mediekanalane skiljer tydeleg mellom stoff som er basert på fakta, og stoff som er basert på meininger eller fortolkningar. For eksempel inneheld ein nyheitsartikkel berre fakta, så langt journalisten kjenner materialet. I ein mediekommentar et det journalisten si eiga vurdering av saka som kjem til uttrykk.

Kommentarar og leiarar er eksempel på det som blir kalla subjektiv journalistikk, mens stoff som er reint faktabasert, blir kalla objektiv journalistikk.

Publisering i fleire format og kanalar

Dei fleste journalistar jobbar i ein nyheitsredaksjon. Tendensen dei siste 20 åra har vore at nyheitsredaksjonar er organiserte i mediehus. Det vil seie at journalistane som jobbar der, lagar saker i fleire format, for eksempel både skriftlege tekstar og videoinnslag. Sakene blir gjerne publiserte på nettsidene til mediehuset samstundes som dei blir publiserte i tradisjonelle medium som aviser, fjernsynskanalar og radio.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Page One: A Year Inside the New York Times

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff