Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. På jobb som frilansarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

På jobb som frilansar

Når frilansarane Erika Fatland og Morten Strøksnes deltek på Norsk sakprosafestival, går jobben ut på å snakke om bøker. Men dette er berre ein liten brøkdel av kva frilanslivet har å by på.

Frilanserne Morten Strøksnes og Erika Fatland utenfor Litteraturhuset i Bergen
Morten Strøksnes og Erika Fatland

– For tida er eg nok meir forfattar enn journalist, seier Erika Fatland. Ho er i Bergen for å delta på Norsk sakprosafestival der ho er invitert for å snakke om den siste boka si Sovjetistan.

– Boka dokumenterer ei reise gjennom Turkmenistan, Kasakhstan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Usbekistan, fortel Fatland.
– Dette er land som er ganske ulike, men dei har det til felles at dei alle har vore ein del av det gamle Sovjet.

Masteroppgåve blei bok

Erika Fatland har studert ved universiteta både i København og i Oslo:
– Eg skreiv ei masteroppgåve i sosialantropologi om terroraksjonen i Beslan i 2004. Der miste 186 barn og 147 vaksne livet. Etterpå skreiv eg om oppgåva til boka Englebyen, seier Erika, som også har jobba som frilansjournalist og skrive artiklar som ho har selt til ulike aviser.

– Men det er nok dokumentarbøker eg kjem til å jobbe mest med, fortset Erika, som fortel at ho også held på med si andre skjønnlitterære barnebok.

Bøker, debattartiklar, reportasjar og føredrag

Morten Strøksnes har studert idéhistorie, men ønskte seg ikkje ei akademisk karriere.
– Eg hadde lyst til å vere i verda, seier Morten, som også har skrive fleire sakprosabøker. Ei av dei heiter Et mord i Kongo (2010) og tek utgangspunkt i hendingane rundt Joshua French og Tjostolv Moland i Kongo og Uganda. For denne og boka Hva skjer i Nord-Noreg frå 2006, i tillegg til Rett Vest (2009), fekk han Språkrådets språkpris for framifrå bokmål i sakprosa. Bøkene høyrer heime i den litterære reportasjesjangeren.

I dag har Morten ei fast kommentarspalte i Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og avisa Nordlys. I tillegg skriv han lengre reportasjesaker for tidsskrift, og aviser som Dag og Tid. Men i tillegg til å skrive, høyrer det altså med til frilanstilvera å intervjue på direkten.

Grundig forarbeid

Når Morten er på jobb på sakprosafestivalen i Bergen, er oppdraget å snakke med den israelske historikaren Ilan Pappé, som har skrive ei bok om sionisme, mens publikum høyrer på.
– Ein slik samtale krev mykje forarbeid. Også for meg som sjølv har skrive ei bok om Midtausten, seier Morten.
– Eg må ikkje berre lese boka. Eg må også setje meg grundig inn i korleis boka har blitt motteken i Israel og i resten av verda. Det krev research, forklarer Morten, som forklarar at nøkkelkunnskapen i yrket er å kunne jobbe med kjelder og kjeldekritikk.

Formell og uformell kunnskap

– Du har den formelle kunnskapen, som eigentleg er ganske enkel. Dobbeltsjekk kjeldene, samanlikne ulike kjelder, les mykje og grav mykje. Alt det der. Men så har du det eg vil kalle den meir uformelle kunnskapen, seier Morten.
– Det går mest på magekjensla eller intuisjonen. Den kunnskapen som blir utvikla gjennom erfaring. Etter kvart lærer ein seg å kjenne igjen mønster i måten folk svarer på, bestemte typar retorikk, og ein lærer seg å kjenne igjen teikn på at noko ikkje er heilt som det skal, seier Morten, som også har nokre tips til kommande journalistar:

– Det kan lønne seg å gå sakte fram, slik at du har ein mistanke om kva folk kjem til å svare om du konfronterer dei med noko. Då kan folk sjølve bli dei ufrivillige kjeldene, sidan berre dei aller frekkaste klarar å lyge deg rett opp i ansiktet.

– Du kan sjølvsagt også sjølv vere frekk, og late som om du veit meir enn du gjer. Det er mykje å lære av korleis folk reagerer, smiler Morten, som er rask til å streke under:
– Men det er ikkje noko romantikk i dette. Av og til må du jobbe mykje og likevel ikkje få noko ut av det. Anten fordi du ikkje slepp inn, eller rett og slett fordi det ikkje er noko å hente.

Krevjande økonomisk

Både Erika og Morten føretrekkjer livet som frilansar sjølv om det ikkje alltid er like trygt økonomiske. Når dei store redaksjonane kuttar i budsjetta, kan det verke som om dei kuttar frilansarane først.

– Det er vanleg at redaksjonane freistar å prute på prisen om ein freistar å selje dei enkeltsaker, seier Morten. – Det vil du spesielt oppleve om du er ung og enno ikkje har eit namn. Men for å få det må du jo vere på trykk, og dette veit dei som sit og tek imot, seier han.

– Ja, for som frilansar er du sjølvstendig næringsdrivande, forklarer Erika.
– Det vanlege er å ha eit enkeltpersonføretak. Då er det ein fordel med ein viss økonomisk sans. Det gjeld å kunne halde orden på tal og rekneskap. For Erika er ikkje det eit problem:
– Eg er i grunnen ein person som liker å halde orden og ha oversikt.

Føretrekkjer fridomen

Morten er ikkje like oppglødd over sjølve rekneskapsjobben: – Men eg lengtar ikkje tilbake til livet som fast tilsett, seier han. I mange år jobba han fast i avisa Morgenbladet.
– Eg slepp å ha ein sjef. Eg har fridom til å velje prosjekt eg meiner er viktige, og eg blir ikkje pressa til å gå med på kompromissar.

– Eg har ikkje snudd meg tilbake eit sekund. No lever eg av forfattarskapen og trur eg har tent meir pengar enn eg ville gjort som fast tilsett, forklarer Morten.
– Men å komme frå ingenstad og så freiste å selje noko du allereie har skrive, kan vere nokså tøft. Du vil garantert ikkje få betalt for alt arbeidet du har lege ned i artikkelen din. Mitt råd er å få selt inn idéen til saka først, og så gjere henne, om du har fått napp. I begynninga må ein drivast av ein viss idealisme, seier Morten.
– Men ein kan ikkje leve frå hand til munn heile livet, heller, spesielt ikkje om ein får familie. Inntekt må alle ha, sjølv frilansarar.

Denne artikkelen er laga av NDLA for Kampanjen for journalistikken.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Page One: A Year Inside the New York Times

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff