Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Inviterer publikum til research ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Inviterer publikum til research

Internett har langt meir å by på enn moglegheita for klipp-og-lim-journalistikk. Dei moglegheitene forsyner journalistane Christian Lura og Lasse Lambrechts seg meir enn gjerne av.

Christian Lura og Lasse Lambrect  er datajouranlistier i Bergens Tidene
Christian Lura og Lasse Lambrechts i Bergens Tidene

Denne oppgåva er laga for NDLA av Kampanjen for journalistikken.

Kva enn dei jobbar med, er journalistane opptekne av faktabasert kunnskap: – Ein bra stad å starte er statistisk sentralbyrå, altså SSB, seier Lambrechts. – Hos SSB finn ein tal for det meste. Men kvar einaste gong du ikkje forstår noko, må du finne ut av det. Ikkje oversjå eit uforståeleg tal eller kolonne. Sørg for å forstå det. Ein liten detalj kan vise seg å vere veldig viktig. – Vi har brent oss på at vi ikkje såg detaljar, føyer Lura til. – Då fekk vi kjeft, og det med rette.

Inviterte publikum via Twitter

Før valkampen i 2009 starta Christian Lura i Bergens Tidende prosjektet faktasjekk.no saman med Helge O. Svela. Idéen hadde dei henta frå amerikansk politisk journalistikk. Helge O. Svela hadde vore på konferanse i USA og høyrt eit foredrag om Pulitzer-vinnar Politifact.com. I Noreg fekk faktasjekk.no eit diplom frå SKUP i 2010.

SKUP

SKUP er ei forkorting for Stiftelsen for ein Kritisk og Undersøkende

Prosjektet gjekk rett og slett ut på å samle inn faktapåstandar politikarar kom med i valkampen, for deretter å sjekke om dei heldt vatn. I tillegg til å følgje nøye med sjølve, bad dei publikum kome med tips via sosiale medium. Då var det viktig at sitatet var korrekt og mogeleg å etterprøve, og i tillegg at det ikkje var normativt eller framtidsskodande – altså at det ikkje var snakk om påstandar om korleis noko for eksempel burde vere eller vil kome til å bli.

Påstanden blei deretter nøye undersøkt, før redaktørane i avisa hadde i oppgåve å kome med ei vurdering: Var det sant, var det delvis sant, var politikarane på tynn is, var påstanden misvisande eller rett og slett feil? Resultatet var ei rekkje artiklar gjennom valkampen, og prosjektet har blitt gjenteke ved kvar valkamp etter dette.

Døden på vegane

Eit anna prosjekt som engasjerte lesarane, var BT sitt første nettbaserte graveprosjekt, nemleg Døden på veiene. Dette prosjektet vann SKUP-diplom i 2012. Her jobba Lasse Lambrechts saman med kollegaene sine Erlend Langeland Haugen, Øyvind Lefdal Eidsvik, Tove Knutsen og Sonja Ystaas med å samle informasjon om trafikkulykker. Også her inviterte journalistane lesarane om å hjelpe, og basert på innspel frå lesarane blei det laga eit kart over trafikkfeller.

Les meir: Dette er lesernes verstingliste - Døden på veiene

I tillegg var Døden på veiene eit tidleg eksempel på datastøtta journalistikk, som går ut på å samle inn store mengder data, filtrere informasjonen og presentere han på ein god måte for lesarane.

Oppgåve 1

Gå i djupna på prosjektet faktasjekk.no. Les metoderapporten som Christian Lura og Helge O. Svela sende inn til SKUP-konferansen i 2009 før du svarer på desse spørsmåla. Her finn du Faktasjekk.no sin metoderapport til SKUP.

  1. Fakta som skulle sjekkast, blei silte ut etter bestemte kriterium. Finn ut kva for nokre, og forklar kvifor journalistane hadde så strenge reglar for kva som skulle sjekkast.
  2. Faktasjekk.no hadde effekt. I rapporten kan du lese om korleis politikarane begynte å innrette seg etter prosjektet i valkampen.

  3. Faktasjekk.no. er knytt til periodar der det er valkamp. Kva er grunnen til at faktasjekk.no ikkje blir brukt kvar dag, heile året? Spør gjerne journalistane sjølve, ved for eksempel å bruke Twitter. Kanskje du får til ein debatt? Bruk då #hvorhardudetfra og #korhardudetfrå.

Oppgåve 2

Gå i djupna på prosjektet Døden på veiene. Les metoderapporten som blei send inn til SKUP i 2012 før du svarer på desse spørsmåla. Her finn du Metoderapport II for Døden på veiene.

  1. Les om korleis journalistane samla inn data både frå Statens vegvesen og frå lesarane. Kva var journalistane si oppgåve når informasjonen var samla inn?
  2. Døden på veiene er eit eksempel på datastøtta journalistikk. Korleis blir dette forklart i rapporten?
  3. I rapporten blir offentleglova omtalt som redninga for journalistane. Kva går denne lova ut på, og kvifor blei lova ei redning i dette prosjektet?

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Page One: A Year Inside the New York Times

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff