Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Gjenbruk eller stofftjuveri?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Gjenbruk eller stofftjuveri?

Sjølv om det er lett å lage klipp-og-lim-journalistikk, er det ikkje sikkert det er lovleg eller presseetisk forsvarleg.

De to nettsidene hos The Guardian og Buzzit.no er svært like
To svært like saker i The Guardian og Buzzit. Kven har opphavsretten?



Denne oppgåva er laga for NDLA av Kampanjen for journalistikken.

Tenk deg at du som journalist har jobba lenge med ei sak. Du har lese ei rekkje dokument. Snakka med mange menneske. Du har verkeleg sjekka alle kjelder. Og redaktøren din har akseptert at du bruker veldig lang tid på saka, sjølv om det kostar mediehuset pengar.

Så blir saka endeleg publisert. Det viser seg at ho blir gjeven att i andre medium, men namnet ditt er ikkje nemnd. Saka di blir ikkje eingong vist til som kjelde. Du synest at dette er eit soleklart stofftjuveri. Men kor går eigentleg grensa?

Omgrep

Stofftjuveri – når ein bruker andre sitt stoff ut over det som er vanleg sitatrett.

Sitatrett – gir deg rett til å sitere frå eit verk utan å hente inn samtykke frå rettshavar fyrst.

Viralt røvartokt?

Ein nettstad som er skulda for omfattande stofftjuveri, er Buzzit.no. Du har kanskje delt ei gøyal lenke frå Buzzit.no. sjølv, for ifølgje Aftenposten har Buzzit.no. gjort det stort på å lage underhaldande saker – gjerne såkalla «listesaker» – som blir delte av folk flest via sosiale medium. Nettstaden blir eigd av avisa Nordlys, som igjen er ein del av konsernet Amedia. Aftenposten trekkjer fram saka «10 ting læreren vil si til dere foreldre, men ikke tør» som eit eksempel på stofftjuveri.

Problematisk og krenkjande

Artikkelen var henta frå den engelske avisa The Guardian. Han blei sett om til norsk, før journalisten la til ein ny ingress pluss sitt eige namn. Men går dette an? Generalsekretæren i Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum, meiner at dette er svært problematisk. Det gjer også jurist og ekspert på medierett, Jon Wessel-Aas. Til Aftenposten seier han at på Buzzit.no. finn vi klare og grove krenkingar av opphavsretten.

I grenseland

Men dei fleste saker er slett ikkje så enkle å avgjere. For eksempel er det ikkje like soleklart at vandringa til historia om Fridtjov Urdal frå magasinet til Bergens Tidende (BT) til nettsidene til NRK Sogn og Fjordane er å rekne som stofftjuveri. Ifølgje lokalavisa Firda har nemleg NRK-journalisten vist til BT som kjelde då det blei laga ein nyheitsreportasje ut av noko som var ei featuresak i BT.

Likevel reagerer BT-redaktør Gard Steiro. Han meiner at NRK her gjer det vanskeleg for BT å tene pengar på journalistikken. BT har nemleg betalingsmur, slik at berre betalande abonnentar skulle kunne få lese historia om Fritjov Urdal. Betalingsmur er ein teknikk nokre nettstader nyttar for å blokkere for lesarar som ikkje betaler for tilgangen til stoffet som ligg på sidene deira.Då blir det bittert at NRK kan fortelje same historia eit par dagar etter at BT har publisert saka. Særleg når BT-journalisten Kjersti Mjør har arbeidd med saka i over seks månader.

Når får ei sak sitt eige liv?

Samtidig er det å sitere andre medium heilt vanleg praksis i journalistyrket. Når ei sak er offentleggjord, må det vel vere lov for andre medium å følgje opp saka? Til avisa Firda trekkjer Kai Aage Pedersen, som er distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, fram at Urdal var gjest i ettermiddagssendinga til NRK sitt distriktskontor. Alle sitat i NRK sin artikkel er henta frå opptaka til NRK Radio, og slett ikkje frå artikkelen i BT.

Men likevel er Pedersen einig i at NRK må vere meir forsiktig enn dette: – Rett nivå hadde vore ei kort nettsak med sitat BT og kanskje ei lenke til saka vi hadde på radio, seier Pedersen til Firda.

Forskjell på norsk lov og god presseskikk

Det er altså viktig å gje opp kor ein har det frå, i journalistikken som i dei aller fleste samanhengar. Men dei to eksempla over fortel oss også at mens nokre tilfelle står fram som soleklare, kan ein vere meir ueinig om andre. I tillegg ser vi at sjølv om noko ikkje er eit direkte brot på opphavsretten, kan det likevel vere brot på god presseskikk. Det er forskjell på norsk lov og god presseskikk. Lovene tek juristane seg av, presseskikken høyrer inn under pressa sin sjølvjustis.

Ein feil oppsto ved lasting av ein ekstern ressurs.
Ein feil oppsto ved lasting av ein ekstern ressurs.

Oppgåver

  1. Les gjennom Ti ting du bør vite om gjenbruk som ligg på Presse.no sine sider. Kor god er du sjølv til å følgje god skikk for gjenbruk? Diskuter med ein medelev eller i klassa.
  2. Det er svært kostbart å grave fram vanskelege saker, og svært lett å kopiere dei når dei først er henta fram. Men dersom alle kopierer kvarandre, og ingen grev etter noko nytt, kva skjer då med pressa sitt samfunnsoppdrag? Diskuter med ein medelev eller i klassa.
  3. Les artikkelen frå Firda: – Det skal ikkje bli lett å drive kommersielt, hvis NRK kan kopiere stoffet vårt. Kva meiner du om at NRK gjenfortalte BT si historie om Fritjov Urdal? Overdriv BT-redaktøren?

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Page One: A Year Inside the New York Times

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff