Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Er objektiv journalistikk feig journalistikk?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Er objektiv journalistikk feig journalistikk?

Dei som kvar dag formidlar nyheiter gjennom TV-ruta er underlagt strenge krav til objektivit. Nordmenn flest stoler på at det som blir formidla er korrekt og upartisk. Men er det råd og ønskjeleg at den personlege ståstaden til journalisten ikkje kjem til uttrykk?

Om rolla som nyheitsankeret i neyheitssendigar på fjernsyn.

Oppgåve 1

Les artikkelen

NRK skal gjennomgå retningslinjene rundt bruk av hijab og kors

.Både TV-sjåarar og leiinga i NRK reagerte då NRK Sørlandet sitt nyheitsanker, Liv Kristin Sællmann, viste seg på skjermen med eit smykke forma som ein kross. Det blei hevda at dette var eit brot på objektiv journalistikk.

  1. Kva for reglar gjeld for bruk av symbolske plagg og smykke for dei som jobbar som nyheitsanker i NRK?
  2. Kvifor er det strengare reglar for nyheitsanker enn for andre som jobbar i media?
  3. Diskuter i klassen: Er det OK at eit nyheitsanker formidlar dagens nyheiter iført hijab eller med ein kross rundt halsen?

Oppgåve 2

Faten Mahdi Al-Hussaini foran et lykkehjul med bilder av norske politikere. Foto
Faten Mahdi Al-Hussaini, programleiar i valdokumentaren "Faten tar valget". Faten er ein norsk-iraksk samfunnsdebattant og ein av grunnleggjarane av organisasjonen JustUnity, som jobbar mot ekstremisme.

Hausten 2017 valde NRK å la ei ung kvinne som til dagleg bruker hijab vere frontfigur i eit valprogram for ungdom. Det resulterte i 5700 klager til Kringkastingsrådet og ein storm i sosiale medium. Les mer: "Faten tar valget" i Kringkastingsrådet

  1. Kva konklusjon kom Kringskastingsrådet til i denne saka?
  2. Diskuter i klassen: Er det OK at programleiarar på TV er iført hijab eller har kross rundt halsen?

Oppgåve 3

Nokre hevdar at det er meiningslaust å snakke om ein objektiv journalistikk fordi vi alle opplever verda på ein subjektiv måte, basert på kva vi innst inne tenkjer, trur og meiner. Derfor er det viktig at vi som mottakarar veit kva verdiar journalisten eigentleg står for.

  • Noter tre argument som talar for at denne vurderinga er rett.
  • Noter tre argument som talar mot at denne vurderinga er rett.
  • Diskuter deretter saka med ein medelev, og gjer deg opp di eiga meining.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Page One: A Year Inside the New York Times

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff