Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. ForbrukarjournalistikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forbrukarjournalistikk

Forbrukarjournalistikk er ein journalistikk som vender seg til mottakaren som forbrukar. Forbrukarjournalistikk gir oss kunnskap til å kunne bruke forbrukarmakta vår, men kan også vere fordekt marknadsføring og stimulere til auka forbruk

Forbrukarmakt og mediemakt

Ei av de viktigaste samfunnsoppgåvene media har, er å gje borgarane rett informasjon til rett tid. I det norske samfunnet er pris og kvalitet på varer og tenester i stadig større grad basert på at vi bruker makta vår som forbrukarar til å velje mellom ulike leverandørar og tenesteytarar. Slik blir prisen på elektrisk strøm, renter på banklån og kvaliteten på helsetenester regulerte. Det ligg derfor mykje makt i den måten media rettleier forbrukarane på.

Sett i dette perspektivet er det problematisk når avstanden mellom redaksjonell tekst og produktlansering til tider kan vere hårfin. I dag ser vi stadig fleire eksempel på kjøpeknappar, nettbutikkar og andre kommersielle funksjonar knytte til redaksjonelt forbrukarstoff.

Kva er forbrukarjournalistikk?

Service- og rettleiingsjournalistikk er journalistikk som vender seg til mottakarane som konsumentar av varer og tenester. Ofte blir slik journalistikk omtalt som forbrukarjournalistikk. Men medieforskaren Martin Eide meiner at ein må forstå omgrepet på ein snevrare måte. Ifølgje han er forbrukarjournalistikk ein journalistikk som vender seg til mottakaren berre som forbrukar. (Eide: Den fjerde servicemakt,1992)

Alle norske borgarar er konsumentar. Vi handlar på nettet, vi går til legen når vi er sjuke, og vi bruker retten til gratis skulegang. Som kunde ønskjer vi å betale rett pris for rett vare. Som klientar og rettigheitshavarar er vi opptekne av kompetent og rettferdig behandling. Forbrukarjournalistikk er derfor både godt stoff og salbart stoff for aviser og fjernsynskanalar.

Rettleiing eller underhaldning?

Forbrukarjournalistikken har som hovudmålsetting å rettleie forbrukaren. Undersøkingar viser at media nesten alltid vel å sjå saka frå kunden sitt perspektiv. Dette er i tråd med at journalistar tradisjonelt ser på seg sjølve som talsmenn for "den vesle mannen" i samfunnet. Resultatet er at vi får høyre lite om dei sakene der leverandørane har rett og forbrukaren faktisk tek feil.

Forbrukarprogramma på fjernsyn vel ofte ein dramaturgi med klare parallellar til fiksjonsforteljingar. Kampen mellom forbrukaren og tilbydaren blir til ein kamp mellom det gode og det vonde, eller som David sin kamp mot Goliat. Etter mykje motstand går den vesle forbrukaren til slutt sigrande ut av kampen, takka vere god støtte frå "hjelparane" sine i TV 2 hjelper deg eller Forbrukarinspektørane.

Intimjournalistikk

Dagen etter nyttår er media fulle av ”ekspertråd” om ernæring og slanking. I juni kvart år avslører Dagbladet nye, grufulle detaljar om dei farlegaste "rovdyra" i Noreg: flåtten, fjesingen og hoggormen. Denne forma for journalistikk har størst verdi som underhaldning. Spørsmålet er om alle lesarar klarer å skilje mellom underhaldning og seriøs informasjon.

Typisk for dette stoffet er at journalisten vender seg til lesaren på ein fortruleg og intim måte, gjerne i du-form: "– Slik får du drag på damene." Ofte blir informative tekstar kopla saman med testar der lesaren sjølv kan avsløre svakheitene sine. Ved å svare på ti enkle spørsmål får du vite om du er ein god elskar, eller kor stor risiko du har for å utvikle hjarteinfarkt.

Vekeblada har mykje stoff som handlar om trendar, motar og velvere. Mange aviser har også eigne trendbilag. Det redaksjonelle stoffet er ofte omkransa av reklame for dei same produkta. Slik er media med på å stimulere til at forbruket aukar.

Les meir

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Page One: A Year Inside the New York Times

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff