Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Krig på TV-skjermenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Krig på TV-skjermen

Krig blir ikkje berre ført med stridsvogner og rakettar, men også med ord og bilete. På TV-skjermen kjempar livredde israelske familiar og lemlesta palestinske småbarn om sympatien vår.

En far kommer med et såret barn til sykehus i Gaza. Foto.
Ein palestinsk far kjem med eit såra barn til sjukehus i Gaza

Oppgåve 1

Sjå traileren til Vibeke Løkkebergs film Gazas tårer.

Løkkeberg omtalar sjølv filmen som ein dokumentarfilm. Enkelte kritikarar meiner perspektivet er så einsidig at ein må karakterisere filmen som rein propaganda.

  1. Gjer greie for det perspektivet som er brukt i filmen.
  2. Kva for grep bruker Løkkeberg for å skape sympati for hovudpersonen?
  3. Kvifor trur du nokre kjenner seg provoserte av denne filmen?
  4. Fortel denne filmen ei sann historie? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 2

Sjå Tine Andersen sin musikkvideo:

  1. Kva er bodskapen i denne musikkvideoen?
  2. Kva for verkemiddel er brukt for å få fram denne bodskapen?
  3. Trur du denne filmen provoserer like mykje som Løkkeberg sin film? Grunngi svaret.

Oppgåve 3

Dei fleste journalistar vel ei observerande rolle når dei formidlar det som skjer under ein krig. Nokre journalistar og filmskaparar vel ei deltakande rolle.

  1. Kva går forskjellen ut på?
  2. Kvifor er objektivitet viktig i journalistikken?
  3. Finn eksempel på medietekstar som er sette ut frå eit deltakande perspektiv. Kva oppnår den som vel eit slikt perspektiv?

Oppgåve 4

Sommaren 2014 raste det ein debatt i sosiale medium om måten NRK-journalisten Sissel Wold og TV2-reporteren Fredrik Græsvik dekka krigen i Gaza på. Les artikkelen TV2-reporter fikk over 2000 hatmeldinger

  1. Kva gjekk kritikken ut på?
  2. Korleis reagerte Wold og Græsvik på hatmeldingar i sosiale medium?
  3. Bør det vere lov for ein journalist å ytre personlegekjensler på Facebook og Twitter samstundes som han eller ho rapporterer for etablerte nyheitsmedium?

Oppgåve 5

Propaganda er medviten manipulering av folk sine kjensler og tankar ved hjelp av sterke verkemiddel for å fremje bestemte oppfatningar og handlingsmønster. Propaganda er ein viktig del av moderne krigføring.

Les artikkelen Gaza-krigen: Gaza-krigen: Slik prøver partene å påvirke deg.

  1. Kva for retningsliner inneheld mediemanualane til Israel og Hamas for korleis ein skal framstille sanninga i denne krigen?
  2. Studer val av bilete og videoklipp frå Gaza-krigen i dagens nettutgåve av den israelske avisa Jerusalem Post (https://www.breakingisraelnews.com/#/) og den palestinske avisa Al Quds (http://www.alquds.co.uk/). (Søkjeord: war 2014 Gaza)
    - Kva for motiv er valt som hovudbilete?
    - Kva for historie fortel videoklippa?
  3. Kva for bilete eller videoreportasjar frå konflikten blir brukte som hovudoppslag i norske nettaviser? (Søkjeord: krig 2014 Gaza)
    - Kvifor trur du norske aviser har valt nett desse bileta?

Oppgåve 6

Studer bileta nedanfor frå krigen mellom Israel og Hamas i Gaza.

Kvifor vel partane å fokusere på nett slike motiv i denne konflikten?

Oppgåve 7

Samanlikn måten fienden blir framstilt på i denne plakaten med fiendebileta frå 1. og 2. verdskrig (sjå til dømes plakatar i Propagandagalleriet).

  1. Kva for eigenskapar tillegg ein fienden?
  2. Finst det nokre likskapar mellom desse fiendebileta?

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Page One: A Year Inside the New York Times

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff