Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Nyheitsdrama på E18ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Nyheitsdrama på E18

Du er på jobb i nyheitsredaksjonen. Brått tikkar det inn meldingar om at noko har skjedd på E18. Jobben din er å tolke det som skjer, og avgjere kva som skal sendast ut som nyheitsmeldingar på TV eller nettavis.

Buss på E18
Klikk på biletet for å starte simuleringsoppgåva.

Gå til: Nyheitsdrama på E18

Oppgåva er basert på eit case som blei brukt på NRKs fagdag hausten 2011. Ekspertpanelet består av redaktør Silje Hovland, TV 2, redaktør Torry Pedersen, VG, nyheitsredaktør Stein Bjøntegård, NRK, redaksjonssjef Solveig Tvedt, NRK og redaktør Frank Gander, nrk.no

Slik løyser du oppgåva

I denne simuleringsoppgåva følgjer du utviklinga av ei nyheitssak.

Oppgåva er bygd opp slik:

Sjå illustrasjon.
simuleringsoppgave
simuleringsoppgåve

Du startar eit nytt videoklipp når du trykker på "play" i videovindauget. Når videoklippet med ekspertpanelet er ferdig, klikker du igjen på "play" i videovindauget. Då blir ein ny sekvens av nyhetsdramaet vist i eit stort videovindauge.

  1. Eit stort videovindauge viser korte nyheitsmeldingar om kva som skjer, og korleis dramaet utviklar seg.
  2. Etter kvar sekvens må du som deskmedarbeidar bestemme kva du vil gjere. Dette skriv du ned i tekstfeltet.
  3. Medan du svarar på spørsmåla, kan du lytte til diskusjonen i ekspertpanelet som blir vist i videoruta i venstre hjørne. Når ekspertpanelet har uttalt seg, går du vidare til neste sekvens i nyheitsdramaet ved å trykke på play-knappen i videoruta.
  4. Når oppdraget er ferdig, kan du opne ei side som viser det du har skrive undervegs. Denne teksten kan du kopiere inn i eit vanlig tekstbehandlingsprogram, eller sende som ein e-post til læraren din.

Læringsutbytte

For å få utbytte av denne oppgåva er det viktig at du

  • lyttar nøye til den informasjonen du får i dei ulike sekvensane
  • har notatblokk klar og skriv ned stikkord undervegs
  • bruker god tid på å skrive ned svara på dei oppgåvene du får undervegs
  • lyttar nøye til dei vurderingane som medlemmene i ekspertpanelet gjer

Oppgåva kan du løyse åleine, men du lærer kanskje meir av å løyse henne saman med ein annan elev. Då kan de diskutere dei vala de gjer undervegs.

Etterarbeid

Som etterarbeid kan du skrive ein nyheitsartikkel eller reportasje om denne saka og levere han til læraren din. Vel dei bileta du vil bruke:

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Page One: A Year Inside the New York Times

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff