Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Journalistikk, informasjon og reklameChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Journalistikk, informasjon og reklame

Både journalistikk, informasjonsverksemd og reklame handlar om å kommunisere ein bodskap til ein sluttbrukar ved hjelp av tradisjonelle eller digitale medium.

Om forskjellen på journalistikk, informasjon og reklame.

Journalistikk er informasjon om noko som faktisk finst, eller noko som faktisk har hendt. Ei viktig oppgåve for ein journalist er derfor å finne relevante kjelder, vurdere truverdet til kjeldene, og informere på ein objektiv måte om dei ulike oppfatningane som finst.

Stadig fleire bedrifter og organisasjonar vel å tilsetje eigne kommunikasjonsrådgivarar eller informasjonsmedarbeidarar. Mange oppdragsgivarar er avhengige av eit godt omdømme for å nå måla sine, anten det gjeld å selje meir, skape sympati for eit føremål eller å vinne eit val. Reklame har som føremål å selje ei teneste eller eit produkt.

Mediebransjen er ein bransje i endring. Dei som jobbar i denne bransjen, må derfor vere villige til å ta til seg ny teknologi, nye medium, nye publiseringsplattformer og nye forretningsmodellar. Den nye medieverkelegheita er også med på å forme om journalistrolla.

Emner

Journalistikk, informasjon og reklame

  • Journalistikk

    Journalistikk er informasjon om noko som faktisk finst, eller noko som faktisk har hendt. Derfor må journalisten alltid vurdere informasjon frå kjelder på ein kritisk måte.

  • Stadig fleire bedrifter og organisasjonar tilsett eigne kommunikasjonsrådgjevarar.