Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MedieproduksjonChevronRight
  4. Medieproduksjon på oppdragChevronRight
  5. Søk i offentlege postlisterChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Arbeidsoppdrag

Søk i offentlege postlister

Mange av sakene som lokalavisene skriv om, tek utgangspunkt i offentlege postlister, saksutgreiingar og vedtak. Øv deg på å finne informasjon om lokale saker som det kan vere interessant å skrive om.

Internettsøk. Fotografi.

Utfør research for lokalavisa di

Alle kommunar i Noreg skal gjere postlistene sine tilgjengelege for offentleg innsyn. Det vil seie at alle interesserte kan sjå korrespondansen som går ut og inn til kommunen.

Enkelte dokument er haldne unna offentleg innsyn, og dei er gjerne merka med: "u.off." i listene. Du kan søkje kommunen om innsyn i eit dokument som ikkje skal gjerast offentleg. Blir førespurnaden om innsyn avslått, kan vedtaket klagast inn til fylkesmannen via kommunen.

Oppgåve:

  • Naviger deg fram til heimesidene for din kommune og gjer eit søk i postlistene, eller bruk portalen Innsyn.no til å søkje etter nyheiter frå ditt politidistrikt.
  • Søk på fleire ulike datoar. Kva slags informasjon finn du i listene?
  • Kva for brev eller meldingar kan det vere spennande å få vite meir om?
  • Last gjerne ned aktuelle dokument dersom dette er mogleg. Diskuter i grupper, eller i klassen, dei funna du har gjort.

Læringsressursar

Medieproduksjon på oppdrag

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?