Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MedieproduksjonChevronRight
  4. Medieproduksjon på oppdragChevronRight
  5. Oppdrag for lokalavisChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Oppdrag for lokalavis

Gjer avtale med lokalavisa i god tid – helst i starten av skuleåret. Avtal kor mykje stoff som skal leverast, og når deadline er. Inviter redaktøren på besøk på skulen når prosjektet startar. Be om usminka tilbakemelding.

3 MIK på oppdrag for lokalavisa Vennesla Tidende.

På jobb for Vennesla Tidende

I løpet av ein periode på tre veker fekk elevgruppa i medie- og informasjonskunnskap 2 ved Vennesla vidaregåande skule i oppdrag å produsere artiklar for lokalavisa Vennesla Tidende.

Før elevane starta produksjonen, heldt redaktør Christopher Johansen eit føredrag der han mellom anna snakka om kva det er som gjer ei nyheit til ei nyheit. To viktige krav i ei lokalavis er at saka er aktuell, og at ho handlar om noko som er relatert til lokalmiljøet. Då er saka interessant for lesarane.

Elevane lærte også å ta gode bilete, og at det er viktig å ha eit bevisst forhold til etiske problemstillingar som ein journalist ofte møter i kvardagen.

Motiverande å skrive for reelle lesarar

Faksimile av forsida til Hamar Arbeiderblad 26. oktober 2012
Faksimile av framsida til Hamar Arbeiderblad 26. oktober 2012.

Oppdrag for ein ekstern oppdragsgjevar engasjerer og motiverer elevane på ein annan måte enn eit vanleg skuleprosjekt. Når elevar jobbar for reelle kundar, eller oppdragsgjevarar, blir dei meir fokuserte på dei krava kunden stiller til gjennomføring frå idé til sluttprodukt.

Og deadline blir brått blodig alvor! Ei av dei største utfordringane i journalistyrket er nettopp å få levert til deadline slik at sakene kjem på trykk i avisa.

På Hamar katedralskule samarbeider medielevane med Hamar Arbeiderblad: Skyggeredaksjon i Hamar Arbeiderblad

Har klassen din laga ei papiravis som de vil dele med andre? Bruk tenesta http://issuu.com.

Sjekkliste – oppdrag for lokalavis

  • Ta utgangspunkt i ei aktuell sak eller ei problemstilling som vedkjem folk i nærmiljøet.
  • Vel ein vinkel som kastar lys over ei viktig eller overraskande side ved saka, og som helst ikkje er brukt tidlegare.
  • Lag ei tilleggssak dersom du ønskjer å sjå saka frå ein annan vinkel også.
  • Lag ei liste over aktuelle kjelder med telefonnummer og e-postadresse.
  • Førebu og avtal intervjua.
  • Planlegg motiva i dei bileta som skal følgje saka. Lag gjerne ei skisse på førehand.
  • Finn ein fengjande tittel og lag ein ingress som gjer lesarane nyfikne.
  • Set saman tekst og bilete på ein balansert måte.
  • Hald alltid deadline – klarar du ikkje det, er ikkje journalistyrket noko for deg!

Læringsressursar

Medieproduksjon på oppdrag

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Oppdrag for lokalradio

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs