Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MedieproduksjonChevronRight
  4. Medieproduksjon på oppdragChevronRight
  5. Oppdrag for lokalradioChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Oppdrag for lokalradio

Presenter historia du vil fortelje for oppdragsgjevar. Vel engasjerte intervjuobjekt. Klipp vekk all unødvendig prat. Lag detaljert køyreplan for direktesendingar. Test alle innslaga på førehand.

Radiostudio med mikrofon. Foto.

Radiooppdrag

Radio er gøy! Mange medieelevar lagar små innslag for lokalradioar eller for NRK sitt distriktskontor på heimstaden sin.

Det aller viktigaste er at du har ei historie du vil fortelje. Lag enkle intervju eller små reportasjar. Ta utgangspunkt i eit tema du veit mykje om, og vel intervjuobjekta dine med omhug. Dei bør vere engasjerte og kjappe i replikken. Då blir det god radio.

Og hugs: Dess kortare eit innslag er, dess betre radio blir det!

Direkte på lufta

Nokre elevar har også ansvar for å avvikle delar av sendinga på lokalradioen i heimbygda si. Dei har førebudd alle innslaga på førehand og laga køyreplan for sendinga.

Dei har valt musikk som bind dei andre innslaga saman, og som passar til målgruppa. Dei har også laga eigne jinglar som skapar liv i sendinga.

I lokalradio- og distriktsradiosendingar er det vanleg å leggje inn små konkurransar som lydarane kan ta del i, ofte via SMS. Slik oppnår ein direkte kontakt med dei som høyrer på.

Tips!

Eksempel: Kjøreplan Radio Loland

Filer

Mike Russel viser deg korleis du kan lage spanande lydeffektar

Læringsressursar

Medieproduksjon på oppdrag

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Oppdrag for lokalavis

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs