Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MedieproduksjonChevronRight
  4. Medieproduksjon på oppdragChevronRight
  5. Fotografer for oppdragsgjevarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Fotografer for oppdragsgjevar

Når du får eit oppdrag må du sjekke at du forstår kva oppdraget går ut på. Kven er målgruppa? Kva er føremålet med bileta? Bli samd om vilkåra, fastset deadline og avtal korleis tilbakemeldinga skal vere.

Medieelevar fotograferer for reklamemagasinet [i]Absolutt Krs[/i]

Oppdragsfotografering

I videoen ovanfor følgjer du medielevar på oppdrag for reklamemagasinet Absolutt Krs. Det heile startar med eit møte der oppdraget blir formulert. Elevane skal fotografere nye moteklede og smykke. Bileta skal inngå i eit reklameoppslag og vonleg gje mottakarane lyst til å kjøpe produkta.

På førehand må elevane sjå gjennom bilete som har den atmosfæren oppdragsgjevaren ønskjer seg, og planlegge korleis dei sjølve kan skape denne stemninga i biletet. Det krev blant anna kunnskap om rett lyssetting.

Elevane får høve til å jobbe med profesjonelle modellar. Ein viktig del av oppdraget går ut på å instruere modellane slik at dei får fram det rette uttrykket i biletet.

Når fotoseansen er over, må bileta etterbehandlast i eit biletredigeringsprogram og fargekorrigerast før dei blir sende til trykk.

Så er det berre å vente på det endelege resultatet, og på tilbakemeldinga frå oppdragsgjevar.

Eksempel på fotooppdrag

Reklamefotografering er krevjande oppdrag. Det passar best for elevar på medier og kommunikasjon som arbeider med mediefag mange timar i veka. I medie- og informasjonskunnskap passar det betre med mindre oppdrag som kan løysast med enkelt utstyr.

Ta gjerne kontakt med ulike lag eller foreiningar på heimstaden din, og spør om dei treng bilete til medlemsbladet eller til ei vervekampanje.

Kanskje treng skulen eller fylkeskommunen bilete frå ulike elevaktivitetar til årsmeldingar eller heimesider? Fylkeskulturkontoret gjev ofte elevar film- og fotooppdrag i samband med Ungdommens kulturmønstring.

Eksempel: Elevar på Hamar Katedralskole laga fotoreportasje om Dignity Day for Kongehuset

Du kan også spørje lokalavisa om dei er interesserte i ein fotoreportasje frå eit idrettsteve, ein konsert eller eit ungdomsarrangement.

Til inspirasjon

Lat deg inspirere av meisterfotografen Sølve Sundsbø

Læringsressursar

Medieproduksjon på oppdrag

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Oppdrag for lokalradio

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Oppdrag for lokalavis

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs