Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MedieproduksjonChevronRight
  4. Medieproduksjon på oppdragChevronRight
  5. Medieproduksjon på oppdragChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Medieproduksjon på oppdrag

Utvikling av eit medieprodukt i samarbeid med ei bedrift eller ein organisasjon krev god planlegging og klare avtalar. Ungdomsbedrifter tek ofte på seg oppdrag for eksterne kundar.

NRK har ei eiga avdeling som tek på seg medieproduksjonar for bedrifter eller organisasjonar. Denne avdelinga heiter NRK Aktivum. I denne videoen kan du følgje dei ulike fasane i samarbeidsprosessen når NRK Aktivum lagar oppdragsfilm for Norsk Skogeigarforbund.

Ved mange skular har elevane etablert ungdomsbedrifter. Ungdomsbedrifter tek ofte på seg oppdrag for eksterne kundar: UE hjelper deg å starte ungdomsbedrift

Fasar i samarbeidsprosessen

  • Leverandør og kunde eller samarbeidspartnar har eit oppstartsmøte der kunden presenterer premissa for produksjonen. Viktige premiss er kva bodskap ein ønskjer å få fram, kven som er målgruppa, og dei tekniske, økonomiske og tidsmessige rammene produksjonen må skje innanfor.
  • Leverandøren driv reseach. Det er viktig å skaffe seg kunnskap om temaet, aktuelle problemstillingar, og om den aktuelle målgruppa.
  • Leverandøren legg fram ei eller fleire skisser til korleis ein kan løyse oppdraget, saman med ein kalkyle over kva dei ulike forslaga vil koste.
  • Leverandør og kunde/samarbeidspartnar skriv ein kontrakt om kva som skal leverast, og når produksjonen skal ferdigstillast.
  • Leverandøren lagar ein plan over alle som tar del i produksjonen, og alt som må skaffast, for eksempel frå historiske arkiv. Planen inneheld også tidspunkt for når ein skal gjere opptak, eller når ulike delar av innhaldet skal vere ferdig.
  • Innhaldsproduksjonen startar.
  • Produksjonen blir gjort redigert og gjort ferdig.
  • Produktet blir presentert for kunden som gir tilbakemelding på kva som eventuelt bør rettast opp.
  • Leverandøren sørger for justering og feilretting.
  • Produktet blir overrekt i endeleg versjon. Det kan vere lurt å få ei underskrift frå kunden eller samarbeidspartnaren på at kvaliteten på produktet er akseptert.
  • Ved overlevering er det viktig å klarere kven som har rettar til produktet. Alle produsentar har opphavsrett til eige åndsverk, men kunden har rettar knytte til bruk av produktet. Lag ein skriftlig avtale som seier kven som har rett til å bruke produktet, korleis produktet skal lisensierast, korleis produktet skal brukast, og kven som har rett til å revidere og gjenbruke produktet.

Læringsressursar

Medieproduksjon på oppdrag

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Oppdrag for lokalradio

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Oppdrag for lokalavis

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs