Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MedieproduksjonChevronRight
  4. Medieproduksjon på oppdragChevronRight
  5. Prosjektstyring og produksjonsplanChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Prosjektstyring og produksjonsplan

Filmar, underhaldningsprogram, radioinnslag eller nyheitssaker blir sjeldan til ved at ein person jobbar heilt åleine. Sidan så mykje av arbeidet med medieproduksjon føregår i grupper, er det viktig å ha gode rutinar for samarbeid. Det gjeld også for elevproduksjonar i skulesamanheng.

Prosjektstyring

Arbeidet med ein medieproduksjon kan gjerne utformast som eit prosjekt som skal føre fram til eit produkt eller eit resultat. Alle prosjekt bør ha ein ansvarleg prosjektleiar eller koordinator som samlar alle trådar, men kvart enkelt medlem i prosjektgruppa har ansvar for at resultatet blir bra.

Det er viktig å ha kontroll med framdrifta i eit prosjekt. Som prosjektleiar må du ha oversikt over kven som til kvar tid gjer kva, og over tidsfristar og milepålar Det er også naturleg at leiaren kallar inn til møte og tek ansvar for å følgje opp kvart enkelt medlem i gruppa.

Produksjonsplan og arbeidsfordeling

Ein produksjonsplan er ei oversikt over kven som skal gjere kva og når. Følgjande er nyttige moment å ha med i ein produksjonsplan:

  • kva arbeidsoppgåver som skal gjerast
  • innan kva tid det skal gjerast
  • kven som skal gjere det
  • kva som er det konkrete resultatet av arbeidsoppgåva

Kva roller det er naturleg å ha i kvar enkelt elevproduksjon, vil variere. Det kan vere nyttig å diskutere ansvarsdeling og rollesamansetjing med læraren før de går i gang. Aktuelle roller kan vere:

  • redigeringsansvarleg film, foto og/eller teknisk ansvarleg, kreativ leiar eller AD
  • tekst- og/eller manusansvarleg
  • produksjonsansvarleg
  • marknadssansvarleg
  • personalansvarleg
  • økonomiansvarleg

Å lage og bruke produksjonsplanen

Det finst mange dataprogram som er laga for å halde styr på framdrifta i prosjekt. Men du kan lage gode planar og oversikter berre ved å bruke rekneark eller tekstdokument.

Ein produksjonsplan bør vere dynamisk. Det vil seie at han heile tida kan endrast.

For å sørgje for eit godt samarbeid bør de møte kvarandre til faste tider for å gjennomgå og oppdatere planen. For at alle skal vere orienterte, bør planen vere tilgjengeleg for alle. Dette kan løysast ved å bruke eit samskrivingsverktøy.

Eksempel

Jens, Lise og Erik skal lage ein reportasje til lokalavisa. Dei har oppretta eit Google-dokument for å planleggje produksjonen. Dei bruker fargekodar for å beskrive dei forskjellige fasane i prosjektet. Kvar person har sin eigen bokstav slik at dei ser kven som har skrive kva.


Ikkje starta opp

Ingen farge

Gjennomført

Grønn

Påbegynt

Gul

Frist gått ut

Rosa

Oppgåve

Frist

Ansvarleg

Omtale

Kva er gjort?

Kommentar

idédugnad

01.02

J, L, E

Alle presenterer minst éin idé til kva reportasjen skal handle om.

J: Sjekkar kva avisa har skrive om dei siste vekene.

bestemme tema og vinkling

02.02

J, L, E

Bli einige om ei problemstilling.

avtale med lokalavisa

03.02

J

Finne ut når deadline er.

Prøvde å ringje.

J: Fekk ikkje tak i redaktøren.

avtale med intervjuobjekt

05.02

E

Forslag: Hans Pettersen. Bruke dobbelttimen tirsdag 09.02

Sendt ein e-post og spurt om det er ok.

L: OK.

J: OK.

foto av Hans Pettersen

09.02

L

Treng fotograf når Hans Pettersen blir intervjua.

Reservert fotoapparat.

L: Kven har minnebrikke?

Hugseliste for prosjektarbeid i grupper

  • Vel prosjektleiar.
  • Fordel ansvar.
  • Avtal kor ofte de treng å møtast.
  • Lag ein dynamisk prosjektplan.
  • Gjer planen tilgjengeleg for alle.

Læringsressursar

Medieproduksjon på oppdrag

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?