Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MedieproduksjonChevronRight
  4. Medieproduksjon på oppdragChevronRight
  5. Kalkylar, budsjett og rekneskapChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kalkylar, budsjett og rekneskap

Ein kalkyle er eit reknestykke som viser kva ein produksjon vil koste. Eit budsjett er ei oversikt over dei utgiftene og inntektene ein ventar seg. Ein rekneskap er ei oversikt over faktiske utgifter og inntekter.

Lag budsjett og rekneskap i Excel. Ei videoforelesing i tre delar.

Økonomisk planlegging

Når du skal lage ein større medieproduksjon, aleine eller i samarbeid med ein ekstern partnar, må du vite kva produksjonen vil koste, og kor inntektene skal komme frå. Då er det viktig å kunne noko om kalkylar, budsjettering og rekneskapsføring.

Elektroniske rekneark er nyttige reiskapar i dette arbeidet. Det mest brukte reknearket er Excel. Videoforelesinga ovanfor er delt i tre delar. Følgjer du dette kurset, bør du vere i stand til å lage eit enkelt budsjett og ein enkel rekneskap i Excel.

Kalkyle

Ein kalkyle er ei berekning av kva produksjonen vil koste. I kalkylen må du ta med alt som kostar pengar: løn og honorar, kjøp av innhald, leige av teknisk utstyr, leige av lokale, eller utgifter til trykking og publisering. Hugs også å ta med naudsynte utgifter til transport og mat.

Eksempel: Kalkyle – fleirkameraproduksjon

Filer

Budsjett

Eit budsjett er ei oversikt over dei utgiftene og inntektene du ventar å få. Utgiftspostane i budsjettet hentar du frå kalkylen. I tillegg fører du inn dei inntektene du reknar med å få. Det kan vere pengar som skulen eller ein ekstern samarbeidspartnar vel å bruke på produksjonen, eller inntekter du kan vente deg dersom elevbedrifta di sel produksjonen til en kunde.

Det er viktig å vere realistisk når du budsjetterer inntekter. Tenk også nøye gjennom kven som skal dekke eit eventuelt underskot. Og hugs: Du kan ikkje bruke pengar du ikkje har!

I budsjettgeneratoren kan du skifte ut tala med inntekter og utgifter knytt til din eigen medieproduksjon: Budsjettgenerator

Filer

Rekneskapen

I rekneskapen fører du dei faktiske utgiftene og inntektene i prosjektet. Dei bør stort sett vere i samsvar med budsjettet. Større avvik krev ei skikkelig god forklaring.

Læringsressursar

Medieproduksjon på oppdrag

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?