Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MedieproduksjonChevronRight
  4. Medieproduksjon på oppdragChevronRight
  5. Planlegg ein større videoproduksjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Planlegg ein større videoproduksjon

Når du skal lage ein større videoproduksjon, må du først lage ein produksjonsplan setje saman eit produksjonsteam. Deretter lagar du ein kalkyle over kva produksjonen vil koste.

Slik produserer NRK ein konsert med Sølvguttene.

Å planlegge ein fleirkameraproduksjon

Ein fleirkameraproduksjon er ein teknisk komplisert og kostbar produksjon. Derfor er det naudsynt med god planlegging. I denne videoen følgjer vi produksjon av den årlige julekonserten til NRK fjernsynet med koret Sølvguttene. Du har sikkert høyrt Sølvguttene synge jula inn, men har du tenkt på kor mykje planlegging som ligg bak, og kor mange menneske som faktisk er involverte i ein slik produksjon?

Produksjonsleiaren har oversikt

Det er produksjonsleiaren som held alle trådar i produksjonen samla. Ho har oversikt over alle personane som skal delta, både framføre og bak kamera, kva for teknisk utstyr det er bruk for, og kva som må vere på plass på opptaksstaden. Planen omfattar stillbilete, tekstar og andre innhaldselement, og i tillegg arbeidet med redigering og ferdigstilling av produksjonen.

Rollar og teamarbeid

Det er viktig at alle medarbeidarar får konkrete arbeidsoppgåver, og veit kva som blir venta av dei. Å lage ein fleirkameraproduksjon, eller ein større videoproduksjon, kan samanliknast med ein fotballkamp. Alle må yte sitt beste på den plassen dei har fått tildelt, og lagkameratane må kunne stole 100 % på kvarandre.

Plan - fleirkameraproduksjon

Filer

Ta utgangspunkt i denne planen dersom klassen din skal lage ein større videoproduksjon. Tilpass han til det oppdraget de skal utføre.

Lag ein kalkyle

Ein kalkyle er ei oversikt over kva dei ulike delane av produksjonen kostar. Det kan vere honorar til deltakarane, løn til medarbeidarar, leige av lokale, transport og mat.

Sjå eksempelet på kalkyle for ein fleirkameraproduksjon. Det enklaste er å lage eit slikt prisoverslag i Excel. Då kan du legge til nye utgiftspostar etter kvart som du får oversikt, og raskt summere kva produksjonen vil komme til å koste.

Filer

Tips!

Læringsressursar

Medieproduksjon på oppdrag

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Oppdrag for lokalradio

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Oppdrag for lokalavis

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs