Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MedieproduksjonChevronRight
  4. Tekstproduksjon i avis og bloggChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Tekstproduksjon i avis og blogg

Produksjon av skriftleg tekst inngår i dei fleste former for medieproduksjon. Men i aviser og bloggar er det spesielt viktig å ha evna til å formidle ein bodskap i skriftleg form.

Figre som skrive rpå bærbar PC. Foto.
Hand på tastatur

Ei avis er eit redaksjonelt medium. Det betyr at innhaldet er utforma etter journalistiske prinsipp, og redigert og vurdert av medarbeidarar på desken før det blir publisert. Når du skal lage ei veggavis eller ei skuleavis, er det viktig å kjenne til korleis profesjonelle avismedarbeidarar jobbar. Du må også ha noko innsikt i val av bilete, layout og sideombrekking.

Ny teknologi og digitalisering har endra tradisjonelle kommunikasjonsmønster i samfunnet. I dag kan alle som ønskjer det, vere sin eigen publisist.

Ein personleg blogg kan samanliknast med ei dagbok på nettet, skriven av ein hobbyskribent. I profesjonelle bloggar er avsendaren ein profesjonell skribent. Ein del bloggarar har svært mange følgjarar, spesielt blant unge, og er derfor ettertrakta av dei som ønskjer å styrke omdømet til produkt som appellerer til ungdom.

Læringsressursar

Tekstproduksjon i avis og blogg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter