Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MedieproduksjonChevronRight
  4. BiletproduksjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Biletproduksjon

Å ta gode bilete handlar først og fremst om å kunne sjå motiv og finne den komposisjonen som framhevar motivet på best mogleg måte. Men du må også kunne bruke arbeidverktøy som fotoaparat og biletredigeringsprogram.

Jente som fotograferer. Foto.

Komposisjonsprinsipp er føringar for korleis ein skaper eit visuelt behageleg bilete. Når du komponerer eit fotografi, set du saman elementa i biletet til ein heilskap.

Å eksponere tyder å ‘utsetje for lys’. Ein god fotograf bruker dei manuelle innstillingane kameraet tilbyr. Beherskar du grunnleggjande kamerainnstillingar, som val av blendaropning, lukkartid, ISO, brennvidde og fokus, er du på veg til å bli ein god fotograf. Du må også vite korleis summen av desse innstillingane påverkar eksponeringa.

Biletredigering handlar om å sluttføre biletproduksjonen ved hjelp av eit dataprogram. Her skal du lære om sentrale omgrep som piksel, oppløysing, fargedjupn, filformat, arbeidsformat, utkøyringsformat og komprimering. Du lærer å skjere til eit bilde, å justere lys, kontrast og farge, og å fjerne støy.

Læringsressursar

Biletproduksjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar