Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MedieproduksjonChevronRight
  4. Levande bileteChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Levande bilete

Å jobbe med levande bilete er ein sammensett arbeidsprosess. Filmproduksjon handlar om alt frå konkretisering av idéen, utteikning og filming, til redigering og klipping.

Hallvar Witzø er filmskapar. Han har mellom anna laga den Oscar-nominerte studentfilmen Tuba Atlantic. Her fortel han om kor viktig det er å gjere godt forarbeid når ein skal i gang med filmproduksjon.

Synopsis, manus og storyboard

Når filmprodusentar planlegg ein film, lagar dei først ein synopsis. Det er eit kort samandrag av det filmen skal handle om.

Når ein synopsis skal vidareførast til eit filmmanus, kjem innsikta i forteljeteknikk og dramaturgi til nytte. Eit filmmanus er ei beskriving av handlinga og replikkane i filmen, og fortel korleis historia utviklar seg frå A til Å.

Når manuset er ferdig, må det overførast til eit storyboard. Det blir også kalla dreiebok og liknar litt på ein teikneserie. Det viser dei bileta publikum skal få sjå når filmen er ferdig.

Videokamera og kamerarørsler

Storyboardet er den «oppskrifta» filmfotografen skal følgje. Ein filmfotograf må vere «venn» med videokameraet og vite korleis kamerainnstillingane skal brukast. Det handlar også om medviten bruk av kameravinklar og kamerarørsler.

Filmopptak er råmaterialet til filmen. Ein filmfotograf gjer derfor ofte fleire opptak, slik at redigeraren seinare kan velje det opptaket som fungerer best.

Videoredigering og filformat

I ein film er det rekkjefølgja for bileta som skaper samanheng og meining. Kvart bilete blir påverka av det biletet som er vist før, og det biletet som kjem etterpå. Sjølve filmen blir derfor til når opptaka blir «klipte» eller redigerte. I dag skjer dette digitalt i eit videoredigeringsprogram. Redigeraren veit korleis dette best kan gjerast, og følgjer prinsipp som gjeld for klipping.

Den som redigerer, må også kjenne til standardar for biletformat og lydformat og kunne importere filar og eksportere ein film i føremålstenleg format.

Læringsressursar

Levande bilete

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?