Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. MedieproduksjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Medieproduksjon

Medieproduksjon handlar om planlegging, utforming, lagring og distribusjon av medieuttrykk i ulike format ved hjelp av digitale verktøy og programvare.

elev som lager film

Mange elevar vel mediefag fordi dei ønskjer praktiske utfordringar og høve til å utvikle dei kreative evnene sine. Læreplanane opnar for ein slik måte å nærme seg faget på, men den tida elevane har til rådigheit til praktisk produksjon, er svært avgrensa.

Det er stor variasjon frå skule til skule når det gjeld kva verktøy og kva for programvare elevane har til rådigheit til medieproduksjon. Vi har derfor lagt vekt på at ein del praktiske oppdrag skal kunne løysast ved hjelp av enkel teknologi.

Frå praksis til teori

Det er læraren si oppgåve å hjelpe eleven til å reflektere over eigen praksis og til å kople praktisk arbeid saman med eit teoretisk perspektiv. Dette kan ein til dømes gjere slik:

  • Teoretisk innføring
  • Test forståing og i kva grad elevane meistrar fagomgrepa.
  • Praktisk arbeidsoppdrag. Ved større prosjektoppdrag bør elevane lage ein produksjonsplan som læraren godkjenner.
  • Presentasjon av produktet for klassen.
  • Refleksjon/eigenvurdering (kort skriftleg eller munnleg refleksjonsrapport).
  • Sluttvurdering: Teoretisk refleksjonsoppgåve med utgangspunkt i teori og eigen praksis.

Emner

Medieproduksjon

  • Lydproduksjon

    I dette emnet får du ei innføring i ulike lydtypar, lydopptak, lydredigering, forteljeteknikk og stemmebruk.

  • Biletproduksjon

    Ei enkel innføring i bruk av fotoapparatet, biletredigering og biletkomposisjon.

  • Levande bilete

    Filmproduksjon handlar om alt frå konkretisering av idéen, utteikning og filming, til redigering og klipping.

  • Læreplanen for medie- og informasjonskunnskap 2 krev at du og medelevane dine skal lage ein medieproduksjon på oppdrag for ein bedrift eller ein organisasjon.

Læringsressursar

Medieproduksjon