Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Arbeidsplanar og eksamenChevronRight
  4. Vurdering av skriftleg eksamenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Vurdering av skriftleg eksamen

UDIR lagar rettleiing for vurdering av skriftleg eksamen i MIK 2. Denne rettleiinga må alle sensorar bruke når dei vurderer eit eksamenssvar. Alle elevar og faglærarar har tilgang til denne rettleiinga før eksamen.

En person som kaster terninger

Skriftleg eksamen blir vurdert av to sensorar som ikkje jobbar på skulen din. Utdanningsdirektoratet har laga ei sensorrettleiing som sensorane må bruke når dei skal bli samde om den karakteren du skal få på oppgåva di. Denne rettleiinga skal du også ha tilgang til før eksamen.

Utgangspunkt for all vurdering er kompetansemåla i læreplanen. Der står det kva du skal kunne til eksamen. Kompetansemål for medie- og informasjonskunnskap 1

UDIR legg kvart år ut vurderingsrettleiingar i ulike fag på nettsidene sine.

Eksempel: Vurderingsrettleiing SAM3009

Bruk av kjelder

Sensorane skal vite kva for kjelder du har brukt. Derfor må du gje opp forfattar og fullstendig tittel på alle bøker og nøyaktig nettadresse og nedlastingsdato til dei nettsidene du har brukt som kjelder i oppgåva. Sensor har tilgang til å kjøre plagiatkontroll. Dersom du ikkje har oppgitt kjeldene, kan oppgåvesvaret ditt bli sett på som fusk.

Dette vurderer sensor

  • Om du uttrykker deg klårt, presist og sakleg.
  • Om du bruker og definerer mediefaglege omgrep rett.
  • Om du bruker relevante eksempel for å underbygge argument.
  • Om oppgåvesvaret ditt er strukturert på ein slik måte at det blir lett for lesaren å følje argumentasjonen.
  • Om du viser sjølvstende i måten du svarer på ved å bruke kunnskap, eigne erfaringar og aktuelle eksempel på ein relevant måte.
  • Om du skil mellom eigne tankar og informasjon frå kjelder ved å gje opp kjelder undervegs i teksten og bruke sitatteikn ved eventuell direkte avskrift. (Kjelde: UDIR: Vurderingsveiledning SAM 3009 2012)

Kjenneteikn på måloppnåing

Karakterane 1 til 6 viser i kva grad du har nådd dei kompetansemåla som eksamensoppgåva testar deg i. Utdanningsdirektoratet har laga kjenneteikn på måloppnåing, slik at du kan sjå kva for kompetanse du må kunne vise til i oppgåvesvaret ditt for å oppnå til dømes ein 3-ar eller ein 5-ar.

Ta gjerne med deg skjemaet på eksamen, og bruk det som ei sjekkliste når du kontrollerer om oppgåva di held mål.

Læringsressursar

Arbeidsplanar og eksamen