Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Arbeidsplanar og eksamenChevronRight
  4. Munnleg eksamen MIK 1ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Veiledning

Munnleg eksamen MIK 1

I medie- og informasjonskunnskap kan du bli trekt ut til lokalgitt munnleg eksamen. Det er faglæraren din som lagar forslag til eksamensoppgåvene. Oppgåvene skal godkjennast av ein sensor som ikkje jobbar på den skulen du går på.

jente som er oppe til muntlig eksamen
På sjølve eksamensdagen kan både faglærar og sensor stille spørsmål, og dei bestemmer saman kva for karakter du skal få.

Førebuingstida

Du får vite kva fag du kjem opp i til munnleg eksamen 48 timar før eksamen.

Munnleg eksamen har ein obligatorisk førebuingsdel, der du får oppgitt tema eller problemstilling 24 timar før eksamen og skal førebu ein presentasjon knytt til dette.

Førebuingsdelen er ein obligatorisk skuledag, og du har rett på eit pedagogisk tilbod frå skulen. Det betyr at du skal vere på skulen og ha tilgang til ein lærar. Det treng ikkje vere faglæraren din.

I førebuingstida kan du bruke alle hjelpemiddel. Mange elevar opprettar ein blogg, ein wiki eller eit diskusjonsforum i førebuingstida. Slik kan de hjelpe kvarandre til å kaste lys over den problemstillinga eller det temaet de har fått utlevert.

Underveg i skulåret kan det vere lurt å trene på munnleg framstilling, og på og få og gje tilbakemelding på munnlege prestasjonar. Då er du betre førebudd når eksamen kjem.

Slik kan du øve på å framføre og vurdere munnlege presentasjonar før eksamen

Kva skjer på eksamensdagen?

Som oftast får du beskjed om eit bestemt tidspunkt du skal møte opp på. Mange elevar er nervøse før eksamen. Bruk tida i venterommet til å psyke kvarandre opp, slik gode fotballspelarar gjer.

Eksamen varer inntil 30 minutt og består av to delar

  • Du presenterer temaet eller problemstillinga (ca. 10 minutt).
  • Sensorane brukar presentasjonen som eit utgangspunkt for ein fagsamtale med deg (ca. 20 minutt).

Du kan ta med deg notat knytte til den presentasjonen du har førebudd og dei hjelpemidla du treng når du skal presentere.

Du skal få høve til å vise kompetansen din i så stor del av faget som råd er. Det betyr at faglærar og sensor ikkje berre kan stille spørsmål frå ein liten del av faget. Faglærar og sensor skal ikkje leite etter den kompetansen du ikkje har.

Fokuser på alt du kan, ikkje det du ikkje kan. Hugs at faglæraren er på di side. Han eller ho er like oppteken av at du skal får ein god karakter som det du sjølv er.

Ofte blir du beden om å presentere noko du har førebudd. Først lagar du ein god disposisjon for presentasjonen. Du kan støtte deg til ein powerpoint, men skriv ikkje alt du vil seie.

Ver offensiv

Når du kjem inn i eksamenslokalet, bør du helse på faglærar og sensor. Det er lurt å ha augekontakt med begge, også når du presenterer eller svarar på spørsmål.

Fortel uoppfordra det du veit om temaet utan å vente på oppfølgingsspørsmål frå faglærar eller sensor. Det viser at du har oversikt og er fagleg trygg. Eksamen handlar ikkje om å hugse detaljar. Det er viktigare å vise at du forstår samanhengar og har evne til sjølvstendig refleksjon.

Bruk faguttrykk når du svarar, og kom gjerne med eksempel som viser at du har forstått det du snakkar om. Er du i tvil om kva du skal svare på eit spørsmål, kan du å be om ei kort pause, slik at du får tenkt deg om.

Læringsressursar

Arbeidsplanar og eksamen