Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Arbeidsplanar og eksamenChevronRight
  4. Praktisk-munnleg eksamen MIK 2ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Praktisk-munnleg eksamen MIK 2

På ein praktisk-munnleg eksamen får du vist dei praktisk-estetiske ferdigheitene du har opparbeidd deg i løpet av skuleåret. I tillegg får du vist evna di til å presentere eit tema, og til å reflektere over ulike sider ved den produksjonen du har laga.

Filmproduksjon

Praktisk-munnleg eksamen

Læreplanen i medie- og informasjonskunnskap 2 opnar for to eksamensformer:

  • sentralgitt skriftleg eksamen
  • lokalgitt praktisk-munnleg eksamen.

Det er eksamenskontoret i heimfylket ditt som bestemmer kva for ein av desse eksamensformene du kan bli trekt ut til.

Sidan eksamen er lokalgitt, finst det mange ulike måtar å gjennomføre ein praktisk-munnleg eksamen på. Under får du presentert ein modell som blir brukt av fleire skular.

Eksempel på praktisk-munnleg eksamen

Førebuingsdel: 48 timar
Hjelpmiddel: Alle hjelpemiddel er tillatne i førebuingstida

Instruks og råd til eksaminandane

Du har no 48 timar til å arbeide med oppgåva. Oppgåva gir deg eit tema og ei oversikt over relevante læreplanmål. Ut frå tema og læreplanmål skal du lage ein medieproduksjon og førebu ein presentasjon der du reflekterer over din eigen produksjon, set han inn i ein mediehistorisk og mediefagleg samanheng og diskuterer aktuelle problemstillingar innanfor temaet ditt.

Du trekker oppgåve. De vil vere to eller tre som har same oppgåve. Det kan vere ein fordel å diskutere munnlege problemstillingar, relevant fagstoff og idear til produksjon med kvarandre. Diskuter gjerne med både faglærar, dei som har trekt same oppgåve som deg, og andre. Men pass på at du held deg til oppgåva/temaet du har trekt, og at du finn di eiga vinkling på arbeidet.

Produksjonsidé og aktuelle problemstillingar du vil ta opp i presentasjonen, skal leggast fram for faglærar i løpet av første førebuingsdagen.

I løpet av førebuingstida skal du lage ein medieproduksjon. Du vel sjølv kva format og sjanger du vil lage produksjonen i. Vel eit medium og ein sjanger du sjølv meiner du meistrar. Pass på at du tek omsyn til at produksjonen skal kunne fullførast i løpet av 48 timar, og at du tenkjer igjennom og kan grunngi val av medium/publiseringsform/sjanger.

På eksamen skal du legge fram ein medieproduksjon. Du vel og korleis du vil legge fram presentasjonen din og diskusjonen rundt din eigen produksjon og aktuelle problemstillingar knytte til produksjonen og temaet ditt. Til medieproduktet skal det følgje med eit refleksjonsnotat som følgjer ein eigen mal.

Eksamen er individuell. Du skal da presentere det du har arbeidd med i førebuingsdelen. Presentasjonen bør ikkje leggast opp som ei opplesing frå eit ferdigskrive manus, men framførast munnleg med utgangspunkt i ein disposisjon og/eller ei momentliste.

Nødvendig teknisk utstyr vil stå klart på medielabben. Dersom det er spesielt teknisk utstyr utover pc, videokanon, høgtalarar, overhead, DVD-spelar og tavle du har bruk for til presentasjonen din, må du anten ta det med sjølv eller melde frå seinast kl. 12.00 dagen før eksamen.

Oversikt over kjelder du har brukt. skal settast opp ifølgje standard og leverast på eit eige ark til sensor.

Under eksamen blir det lagt opp til at du bruker inntil 20 minutt til presentasjonen din og om lag 20 minutt er sett av til oppfølgingsspørsmål, vidare diskusjon og samtale innanfor temaet. Du må være førebudd på å svare på spørsmål innanfor heile temaet – og på problemstillingar du sjølv ikkje har teke opp i presentasjonen din.

Vurdering

I vurderinga av presentasjonen vil det bli lagt vekt på at du kan følgjande:

  • presentere ein produksjon
  • grunngi val av medium og publiseringsform
  • bruke forteljarteknikkar og verkemiddel i høve til målgruppe, bodskap, avsendar og tiltenkt effekt
  • analysere, vurdere og reflektere rundt din eigen produksjon

For å oppnå karakterane 5 og 6 må du i tillegg kunne trekkje inn mediehistoriske og samfunnsmessige moment som set produksjonen din inn i ein slik samanheng.

Eksempel på eksamen

Læringsressursar

Arbeidsplanar og eksamen