Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Arbeidsplanar og eksamenChevronRight
  4. Slik svarer du på ei praktisk oppgåve til skriftleg eksamenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Slik svarer du på ei praktisk oppgåve til skriftleg eksamen

Gjer greie for kva du ønskjer å oppnå med produktet ditt, og kva som kjenneteiknar målgruppa du vender deg til. Lag ei skisse som viser det produktet du vil lage, og grunngi val av innhald, form og kanal. Lag gjerne også ein produksjonsplan.

Person som skriver på laptop

Eksempel: Hausteksamen 2010

Den skriftlege eksamensoppgåva hausten 2010 inneheldt to oppgåver. Den første oppgåva var ei drøftingsoppgåve. Den andre oppgåva gjekk ut på å planlegge ein medieproduksjon.Her ser vi nærare på oppgåve 2, og gir deg nokre korte og konkrete tips til korleis du kan svare på henne.

Oppgåve 2

Du skal planleggje eit medieprodukt om den vestlege dominansen når det gjeld nyheits- og kulturformidling i det globale (internasjonale) mediebiletet.

Målgruppa er elevar som tek medie- og informasjonskunnskap på vidaregåande skole.

Vel medium og publiseringskanal til medieproduktet ditt. Grunngi valet ditt ut frå tema og målgruppe.

Innhald:

  • Kva for faglege moment og eksempel vil du ta med, og kvifor?
  • Gjer greie for korleis du vil utforme medieproduktet ditt. Legg vekt på oppbygging og andre verkemiddel.

Kva er føremålet med oppgåva?

Av praktiske grunnar blir du ikkje beden om å lage eit medieprodukt på eksamensdagen. Du må nøye deg med å gjere greie for korleis du ville ha gjort det.

Produksjonen din skal først og fremst formidle eit fagleg innhald. Men du må samstundes utforme produktet slik at det blir interessant og informativt for elevar som tek medie- og informasjonskunnskap på vidaregåande skule.

Føremålet er å vise sensor kor god du er til å kommunisere ein bodskap, og dei praktisk-estetiske ferdigheitene du har tileigna deg dette skuleåret. Oppgåva testar også kunnskapane dine om form og innhald i ulike avis-, radio-, film-, og fjernsynssjangrar.

Slik løyser du oppdraget

I denne oppgåva skal du både lage ei skisse til eit medieprodukt og ein gjennomtenkt produksjonsplan. Du vel sjølv kva slags medieprodukt du vil lage skisse til, og kva for kanal produktet skal publiserast i.

Start med å tenkje gjennom kva føremålet med bodskapen er, sett i lys av målgruppa han er retta mot. Vil du informere om dei faktiske tilhøva, eller vil du skape debatt?

Målgruppa kjenner du jo godt frå før. Det gjer det enklare å velje både form og kanal. Korleis kan du få andre elevar interesserte i dette temaet? Kva for kanal bør du velje for å nå denne målgruppa?

Grunngje vala dine

I denne oppgåva bør du ikkje berre gjere greie for kva du vil gjere, men også kvifor du vel å gjere det nettopp slik. Det viser at du både har kunnskap om mediet sin eigenart, og om målgruppa du ønskjer å nå.

Læringsressursar

Arbeidsplanar og eksamen