Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Arbeidsplanar og eksamenChevronRight
  4. Slik skriv du svar på ei teoretisk eksamensoppgåve i MIK 2ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Slik skriv du svar på ei teoretisk eksamensoppgåve i MIK 2

Les oppgåva nøye. Lag ein disposisjon. Tydeleggjer problemstillinga. Presenter ulike synspunkt, og vurder ulike argument. Bruk fagomgrep og vis til ulike teoriar. Oppgje dei kjeldene du bruker.

Person som skriver på laptop

Eksempel: Hausteksamen 2010

Den skriftlege eksamensoppgåva hausten 2010 inneheldt to oppgåver. Den første oppgåva var ei drøftingsoppgåve. Den andre oppgåva gjekk ut på å planlegge ein medieproduksjon.
Her ser vi nærare på oppgåve 1, og gir deg nokre korte og konkrete tips til korleis du kan svare på oppgåva.

Oppgåve 1

Diskuter om nyheitsmedia er med på å auke eller redusere kulturmotsetningar.

Kva er føremålet med oppgåva?

Først les du oppgåveteksten nøye og strekar under viktige omgrep. Då får du eit klarare bilete av kva oppgåva spør etter. Det er berre det oppgåva spør etter, du skal ta med i svaret ditt. Alt anna legg du til side.

Føremålet med denne oppgåva er å teste kva du kan om internasjonal nyheitsformidling, om kulturelle motsetnader, og evna di til å analysere den rolla media spelar som nyheits- og kulturformidlar både nasjonalt og internasjonalt. Oppgåva testar også evna di til sjølvstendig refleksjon rundt desse spørsmåla.

Disposisjon

Lag ein enkel disposisjon som viser korleis du vil komponere svaret ditt. Ta fram tankekartet du laga på førebuingsdagen, og sjå kva du kan bruke ut frå ordlyden i oppgåva. Vanlegvis bør eit oppgåvesvar innehalde tre delar:

  1. Ei innleiing der du definerer omgrepa i oppgåveteksten, og presenterer og avgrensar dei problemstillingane du vil diskutere.
  2. Ein drøftingsdel der du presenterer, underbyggjer og vurderer ulike argument knytte til den problemstillinga du har valt.
  3. Ei avslutning som enten er ei oppsummering eller ein konklusjon. I ei drøftingsoppgåve er det mest vanleg å konkludere.

Skriv ned kor mykje tid du vil bruke på kvar del, og kor mykje tid du må ha igjen til oppgåve 2. Då har du kontroll på arbeidsdagen din.

Å diskutere eit tema

Å diskutere betyr det same som å drøfte. På skulen har du øvd både på munnlege diskusjonar i klasserommet og på skriftlege drøftingsoppgåver. Nøkkelen til eit godt oppgåvesvar er evna til sjølvstendig argumentasjon basert på den kunnskapen du har om temaet.

Gjer greie for ulike synspunkt, og vurder desse opp mot kvarandre. Argumenta du bruker, bør vere saklege og haldbare. Vis gjerne til undersøkingar eller fagartiklar som stør opp under ulike synspunkt. At du kan kaste lys over temaet med dagsaktuelle eksempel eller eigne erfaringar, kan vere med på å løfte svaret ditt.

Språk

Legg vekt på å bruke fagomgrep, og bruk desse på ein presis måte. Det viser at du forstår det du skriv om.

Språket bør vere klart, presist og sakleg. Unngå ein munnleg tone. Del teksten opp i oversiktlege avsnitt. Legg inn nokre minutt på slutten til å sjekke teksten for skrivefeil.

Kjeldebruk

Det er lov å ta med synspunkt eller sitat frå ulike kjelder, men hugs å markere dette tydeleg. Gjer du ikkje det, kan du bli skulda for plagiat.

Læringsressursar

Arbeidsplanar og eksamen