Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Arbeidsplanar og eksamenChevronRight
  4. Førebuingsdagen før skriftleg eksamen i MIK 2ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Førebuingsdagen før skriftleg eksamen i MIK 2

Les tekstheftet som du får utlevert på førebuingsdagen nøye. Klargjer omgrepa og formuler problemstillingar. Samarbeid om å finne relevant informasjon i bøker og på nett. Vel hjelpemiddel som du vil bruke på eksamensdagen.

elever som forbereder seg

Tekstheftet

På førebuingsdagen får du utlevert eit hefte med eitt eller fleire tema. Heftet kan innehalde ulike tekstar, illustrasjonar, kjeldetilvisingar, artiklar og bilete. Det er meint som ein ressurs til kva eksamensoppgåvene vil komme til handle om, men avslører ikkje korleis eksamensoppgåvene vil sjå ut.

Vel hjelpemiddel

På førebuingsdagen har du tilgang til alle hjelpemiddel, inkludert Internett. Det er lett å tenke at dess meir informasjon du samlar, dess betre blir oppgåvesvaret ditt. Men det er langt frå sikkert at det er slik. Utfordringa ligg i å finne kvalitetssikra og relevant informasjon.

Ver kritisk når du vel kjelder. Finn ut kven som er avsendar og kvifor nettsida er etablert Bruk alltid meir enn ei kjelde. Bruk gjerne nøkkelordet TONE i vurderinga av det du finn. TONE står for truverdig, objektiv, nøyaktig og eigna.

Jobb gjerne i grupper, og del på arbeidet. Då går det fortare. Ta utgangspunkt i nokre sentrale læremiddel som er tilpassa den aldersgruppa de tilhøyrer. Det kan vere ei eller fleire lærebøker eller digitale læreverk.

Sjekk deretter om skulebiblioteket har bøker som handlar spesielt om emnet de har fått tildelt. Samstundes kan andre ta jobben med å finne faglege artiklar eller videoar på Internett

NDLA MIK som hjelpemiddel

I MIK-faget på ndla.no finn du mykje nyttig stoff som du kan bruke på eksamen. Bruk navigasjonssystemet til å skaffe deg oversikt over relevante ressursar. Les gjennom det stoffet du meiner er relevant, og vel ut det som kan vere aktuelt å ta med på eksamensdagen.

Eksempel: eksamen hausten 2010

Hausten 2010 var temaet som elevane fekk utdelt i førebuingsdelen "Media mellom ulike kulturar". I førebuingsheftet blei det oppgitt kva for kompetansemål ein burde sette seg inn i i førekant:

  • sør–nord-problematikken i det internasjonale mediebiletet
  • nyheits- og kulturformidling i det internasjonale mediebiletet
  • kulturomgrepet
  • uttrykksformer i media med vekt på planlegging av eigen produksjon

Slik førebur du deg

Korleis kan du førebu deg på oppgåver innanfor dette temaområdet? Først og fremst les du gjennom det heftet du har fått utlevert. Truleg inneheld dette nokre peikepinnar på dei problemstillingane eksamensoppgåvene kan komme til å dreie seg om.

I emneområdet Ut i verda på ndla.no finn du fleire artiklar og oppgåver om medieutvikling i nord–sør-perspektiv og om nyheits- og kulturformidling i det internasjonale mediebiletet. I emneområdet Medietekstar og medieanalyse finn du mykje stoff om uttrykksformer i ulike medium. I vemnet Medieproduksjon finn du mange tips til produksjonsplanlegging.

Tenk nøye gjennom korleis du kan vise sensor at du beherskar kompetansemåla. Start gjerne med å klargjere dei omgrepa som blir brukte i førebuingsheftet.

  • Kva meiner vi med "nord–sør-problematikk"?
  • Kva meiner vi med "det internasjonale mediebiletet"?
  • Kva betyr "uttrykksformer i media"?

Det er ikkje viktig å hugse alt du les og høyrer. Skriv heller ned nokre aktuelle problemstillingar knytte til desse temaa. Faktainformasjon kan du ta med deg som eit hjelpemiddel på eksamensdagen.

Gutt foran tavle med tankekart. Foto.

Eit tankekart er eit fint verktøy i denne prosessen. Formuler ei problemstilling. Noter deretter stikkord etter kvart som du finn informasjon som du meiner er relevant for denne problemstillinga. Marker samanhengar mellom dei ulike tanketrådane, for eksempel kva som er årsak og kva som er verknad, eller kva som talar for og kva som talar mot eit bestemt standpunkt.

Læringsressursar

Arbeidsplanar og eksamen