Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Arbeidsplanar og eksamenChevronRight
  4. Skriftleg eksamen i MIK 2ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Skriftleg eksamen i MIK 2

Skriftleg eksamen i MIK 2 består av to dagar, ein førebuingsdag og ein eksamensdag (5 t). Eksamensoppgåvene er delt i to delar, ein teoretisk del og ein praktisk-estetisk del. På ndla.no finn du mykje stoff som du kan bruke når du førebur deg.

Eksamen

Du har nettopp fått vite at du har kome opp i skriftleg eksamen i faget medie- og informasjonskunnskap 2. Du kjenner deg kanskje litt stressa, og veit ikkje heilt korleis du skal førebu deg.

Slik er skriftleg eksamen lagt opp

Ved den skriftlege eksamenen i medie- og informasjonskunnskap blir både dei teoretiske kunnskapane og dei praktisk-estetiske evnene dine testa. I den første oppgåva skal du vise kva du kan om faglege emne, evna di til å reflektere og kva for analytiske ferdigheiter du har.

Den andre oppgåva testar i kor stor grad du kan planleggje, produsere og vurdere eit medieprodukt.

I MIK-faget på ndla.no finn du ein grundig gjennomgang av emne som mediehistorie, medieanalyse, og den rolla media spelar i samfunnet, både nasjonalt og internasjonalt. Du finn også rettleiing i medieproduksjon og vurdering av medieprodukt. Sett deg godt inn i kor du kan finne det du treng før eksamen.

Korleis førebu seg

Temaet blir gitt dagen før eksamensdagen, og denne dagen kallar vi derfor førebuingsdagen.

På førebuingsdagen får du utlevert eit hefte med eitt eller fleire tema. Heftet kan innehalde ulike tekstar, illustrasjonar, kjeldetilvisingar, artiklar og bilete. Det er meint som ein ressurs til kva eksamensoppgåvene vil komme til handle om, men avslører ikkje korleis eksamensoppgåvene vil sjå ut.

I eksamensoppgåva står det kva for kompetansemål i læreplanen du skal testast i. Les dette nøye, og tenk gjennom korleis du kan vise at du meistrar desse kompetansemåla.

Bruk førebuingsdagen til å velje ut dei artiklane som du vil ha med på eksamensdagen.

Læringsressursar

Arbeidsplanar og eksamen