Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Arbeidsplanar og eksamenChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Arbeidsplanar og eksamen

Medie- og informasjonskunnskap består av to programfag: MIK 1 og MIK 2. Emna i faga overlappar delvis kvarandre, og noko av lærestoffet kan derfor vere aktuelt i begge faga.

Kvinne med blyanter i håret

Årsplanar

Læreplanane i MIK 1 og MIK 2 er delte inn i hovudområda "medieutvikling", "medieuttrykk" og "medium, individ og samfunn". Læringsressursane kan dekkje kompetansemål frå eitt av desse hovudområda, eller kompetansemål frå fleire hovudområde.

Oppgåvene kombinerer ofte ei praktisk og teoretisk tilnærming til faget. Journalistikk står sentralt i MIK 1. I MIK 2 er hovudvekta lagt på analyse, vurdering og produksjonar som omfattar fleire medieuttrykk.

Forslag til årsplanar: Årsplan MIK 1 og MIK 2

Vurdering i MIK-faga

Læreplanen fastset korleis vurderingsforma i MIK 1 og MIK 2 skal vere. Dersom du er vanleg elev, får du ein standpunktkarakter i MIK 1 og ein ny standpunktkarakter i MIK 2. I tillegg kan du bli trekt ut til eksamen i slutten av kvart skuleår.

Eksamen i MIK 1 er ein munnleg eksamen som blir utarbeidd og sensurert lokalt.

I MIK 2 kan du bli trekt ut enten til skriftleg eksamen eller til munnleg-praktisk eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg-praktisk eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Læringsressursar

Arbeidsplanar og eksamen