Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MedieanalyseChevronRight
  5. AnalysemodellarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Analysemodellar

Ein analyse er ei systematisk undersøking av eit fenomen. Når du analyserer ein medietekst, stiller du spørsmål til teksten. Ein modell er eit forenkla bilete av røyndomen. Ein kan studere medietekstar i lys av ulike analysemodellar.

avtrykk av blad i sand
Kva typar teikn finn du i dette biletet? Kva er tydinga av det du ser?

Still spørsmål til teksten

Ein analyse er ei systematisk undersøking av eit fenomen. Når du analyserer ein medietekst, stiller du spørsmål til teksten. Kva for spørsmål du stiller, kjem an på kva føremålet med analysen er, og kva for tekstsjangrar det dreier seg om. Det er ikkje naturlig å stille same spørsmålet til ein reklametekst som til ein nyheitsartikkel.

Ulike analysemodellar

Ein modell er eit forenkla bilete av røyndomen. Vi kan studere medietekstar i lys av ulike analysemodellar. For nokre medietekstar er det ein spesiell modell som er mest meiningsfull. Andre medietekstar kan vi studere i lys av fleire modellar.

  • Prosessorienterte analysemodellar er opptekne av dei ulike elementa i kommunikasjonsprosessen. Kva ønskjer sendaren å oppnå? Korleis blir medieteksten påverka av det mediet som er valt? Kva for effekt har medieteksten på mottakaren?
  • Semiotiske modellar viser korleis vi skaper meining i møte med ulike teikn. Kva tenkjer vi når vi ser ein bygning med ein kross over døra? Korleis er ordet terrorist i ein avisartikkel, eller samspelet mellom lys og skugge i ein spelefilm, med på å styre korleis vi oppfattar bodskapen i medieteksten?
  • Konstruksjonistiske modellar viser korleis meiningar blir konstruerte i eit sosialt fellesskap. Ein medietekst får meining i den samanhengen (konteksten) han blir brukt i. I mellomalderen kunne magiske formlar i Svartebøkene gjere folk og dyr friske. Skjer det same når vi les slike tekstar i dag?
  • Hermeneutiske modellar handlar om å tolke enkeltelement i ein tekst ut frå ei førforståing av den heilskapen teksten er ein del av. Teologar tolkar bibeltekstar ut frå ei førforståing om at Jesus er Guds son og har stått opp frå dei døde. I ein science fiction-film gir det meining når levande vesen frå andre galaksar vitjar jorda, sidan slike hendingar er ein del av det fiktive universet som er typisk for denne sjangeren.
  • Diskursanalyse set søkjelys på medietekstar i offentlege samtalar og debattar. Korleis er kjønnsrollemønsteret i gamle norske reklametekstar, samanlikna med reklametekstar i dag? I kva grad er nyttårstalen til Kongen uttrykk for nasjonale verdiar og haldningar i Noreg i dag?

Nokre analytiske tilnærmingsmåtar

Medietekstar er ulike, både når det gjeld form og innhald. Det finst mange ulike analytiske tilnærmingsmåtar.

les meir
Analytisk tilnærming
Mål med analysen Type medietekst
Retorisk analyse Korleis teksten kommuniserer og kva for effekt han har på mottakaren. Debattar, kronikkar, lesarinnlegg, reklametekstar
Diskursanalyse Avdekkje ideologiske føringar og måtar å tenkje på.
Alle typar medietekstar
Kulturfilteranalyse Vise korleis dei kulturelle rammene for kommunikasjon er. Alle typar medietekstar
Analyse av samansette tekstar Gjere greie for korleis ulike teksttypar speler saman og skaper meining. Alle samansette medietekstar
Narrativ analyse
Analyse av forteljingar og forteljarstruktur. Film, TV-seriar, radioinnslag, reklame, nyheitstekstar
Nyhistorisme Vise korleis teksten er bygd opp av lån frå andre tekstar, og korleis teksten kan seie oss noko om den tida han blei til i. Film, reklame, foto, nettekstar
Lesarresponsteori Vise korleis lesaren legg inn meining i teksten. Alle typar medietekstar.

Du finn meir stoff om dette temaet i faget Kultur og kommunikasjon 1 og 3 her på NDLA.

Til fordjuping

Korleis vi oppfattar ein tekst, kjem an på dei "lesebrillene" vi har på oss.

Lesekunst 10: Lesebriller

Læringsressursar

Medieanalyse

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter