Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MedieanalyseChevronRight
  5. Tolking av teiknChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Tolking av teikn

Vi tolkar teikn på bakgrunn av dei konvensjonane og kodane som gjeld i eit bestemt sosialt miljø. Denotasjonar er den grunntydinga eit teikn har. Konnotasjonar er assosiasjonar som medlemer i ei sosial gruppe i fellesskap knyter til teiknet.

Tysk frimerke med ei atomsky, fredsdue og folda hender. Illustrasjon.
Kva type teikn er brukt på dette frimerket? Kva for konnotasjonar er knytte til kvart av desse teikna i vår kultur? Kva er bodskapen?

Form og innhald

Teikn er tosidige, dei har både ei form- og ei innhaldsside. Ulike teikn kan ha same innhald, og same teikn kan ha ulikt innhald. Eit eksempel er ordet grine. Vil ein nordmann og ein danske sjå for seg same innhald når dei høyrer dette ordet?

Konvensjonar og kodar

Vi lærer å tolke teikna som omgir oss, i samspel med andre i den sosiale gruppa eller kulturen vi tilhøyrer. Denne prosessen kallar vi sosialisering. Kjennskap til sosiale konvensjonar, eller overeinskomstar, er nødvendig dersom vi skal kunne kommunisere med andre.

Kodar er reglar som gjeld i samspelet mellom dei som tilhøyrer same gruppe. Dei fleste skuleelevar tek på seg anna tøy når dei går på skulen, enn det dei bruker når dei skal ut på laurdagskvelden. Og merkeleg nok er det tøyet dei vel, nokså likt det dei andre i klassen går med! Gjennom val av klede signaliserer vi kven vi er, og kva for gruppe vi gjerne vil tilhøyre.

For ein utanforståande er det lett å få auge på kva for kleskode som gjeld i ei bestemd sosial gruppe. På same måte finst det etablerte kodar for kva tyding alle dei andre teikna vi omgir oss med, har. I kulturen vår set vi kvite duer i samband med fred, V-teiknet med siger (victory), og dei fleste av oss tek det ikkje som eit kompliment når nokon viser oss fingeren!

Konnotasjonar og denotasjonar

Konnotasjonar er dei felles assosiasjonane eller førestillingane eit teikn framkallar hos dei fleste som tilhøyrer ei bestemd sosial gruppe eller kultur. I tilegg kan vi ha heilt private assosiasjonar, men desse gir meining berre for oss sjølve som enkeltindivid.

Ordet "vinter" gir nordmenn assosiasjonar om snø, kulde, ski, skøyter med meir. Ein innbyggjar frå det nordlege Australia vil neppe ha same assosiasjonar, ettersom vinteren der er mykje mildare og utan snø.

Vi kan tenkje oss at det er mogleg å fjerne alle kjenslemessige assosiasjonar knytte til eit teikn. Den grunnforma vi da sit igjen med, kallar vi denotasjon. Når vi skal tolke eit teikn, kan det vere nyttig å starte med å snakke om det alle kan vere einige om. Ein hest er eit dyr med hovud, hals, kropp, hale og fire bein. Men dersom vi seier at hesten symboliserer styrke og seksualdrift, har vi flytta oss over i konnotasjonar som har kulturelle føresetnader.

Dei omgrepa vi har gått gjennom her, får du bruk for når du seinare skal analysere ulike medietekstar.

Læringsressursar

Medieanalyse

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter