Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MedieanalyseChevronRight
  5. Røyndom eller spegelbilete?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Røyndom eller spegelbilete?

Omgrepet representasjon vert brukt om ulike måtar å gi att røyndomen på. Omgrepet teikn vert brukt om meiningsberande einingar.

representasjon av virkeligheten

Kva er bilete, og kva er røyndom?

Studer biletet ovanfor. Kva er røyndom, og kva er berre eit bilete av røyndomen? Måleriet er sjølvsagt eit bilete av eit vinterlandskap. Men kva med fuglen? Han er vel verkeleg, eller kva ...?

Svaret er at alt du ser i denne medieteksten, er eit bilete av røyndomen. Dersom ein kunstnar målar ein fugl, forstår vi at det representerer ein fugl, sjølv om det i røynda berre er eit måleri. Ein skriftleg tekst representerer røyndomen ved hjelp av ord og setningar. Kvart ord har ei bestemt tyding som vi lærer oss i samspel med andre menneske i den kulturen vi veks opp i.

Teikn

Eit teikn er ei meiningsberande eining. Med det meiner vi at teiknet tyder noko ut over seg sjølv.

Nokre teikn er direkte knytte til det fenomenet dei representer. På dodøra finn du bilete av ei dame eller ein mann. Slike teikn forstår alle, sidan kjønnsforskjellar er noko folk i alle kulturar har eit forhold til. Nokre forskarar meiner også at det finst ord som gir att det dei omtalar, for eksempel ord som risle eller raute. Teikn som har ei direkte tilknyting til det dei representerer, kallar vi for motiverte teikn.

Dei fleste teikna vi omgir oss med, er arbitrære, eller tilfeldige. Det vi seie at det ikkje finst nokon direkte samanheng mellom teiknet og det teiknet står for. Derfor treng heller ikkje alle teikn bety det same i alle kulturar.

Læringsressursar

Medieanalyse

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter