Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MedieanalyseChevronRight
  5. Kva seier biletet om politikaren?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kva seier biletet om politikaren?

Vi ser stadig bilete av norske politikarar i aviser, på nett og på TV. Redaksjonane vel ofte bilete som dei meiner passar til den vinklinga dei har valt. Bileta bidreg til å forsterke det verbale uttrykket.

Portrettbilder av en optimistisk (bilde 1) og en trist (bilde 2) Siv Jensen. Foto.
To portrett av politikaren Siv Jensen.

Oppgåve 1

Over ser du to portrett av finansminister og leiar av Framstegspartiet i 2017, Siv Jensen.

  1. Lag forslag til tittel på ei nyheitssak der bilete 1 inngår som hovudbilete i saka.
  2. Lag forslag til tittel på ei nyheitssak der bilete 2 inngår som hovudbilete i saka.
Portrett av en nedtrykt og en optimistisk Jonas Gahr Støre. Foto.
To portrett av politikaren Jonas Gahr Støre.

Oppgåve 2

Studer to bilete av leiar av Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, i samband med valkampen i 2017.

  1. Kva for biletvinkel er brukt i dei to bileta?
  2. Korleis skil bileta seg frå kvarandre med omsyn til fargar?
  3. Kva betydning har biletvinkel og fargar for oppfatninga di av måten dei to fotografia framstiller Jonas Gahr Støre på som partileiar?
  4. Kva les du ut av posituren og kroppsspråket i posituren?
  5. På kva måte trur du media brukte bileta i dekninga av Arbeidarpartiet sin valkamp?
En sjøløve kysser Erna Solberg på munnen. Foto.
Erna Solberg kyssar ei sjøløve.

Oppgåve 3

I samband med mediedekning av valkampar er det mange som ønskjer at politikarar skal stille opp på arrangerte bilete. På dette biletet kyssa statsminister og leiar av partiet Høgre, Erna Solberg, ei sjøløve på Akvariet i Bergen i samband med valkampen i 2017.

  1. Beskriv og analyser biletet. Bruk det du har lært om denotasjonar, konnotasjonar og biletanalyse.
  2. Sidan biletet er teke i samband med ein valkamp, må vi tenkje oss at det har ein politisk bodskap. Kva meiner du er bodskapen i biletet?
  3. Diskuter i klassen: Trur de dette biletet fekk fleire til å stemme på partiet Høgre ved stortingsvalet i 2017? Hugs å grunngje standpunkta.

Læringsressursar

Medieanalyse

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter